Dei siste innlegga har vist glimt frå vår fantastiske tur til New York. No er det nesten litt fjernt at me for berre to veker sidan var der og snuste storbyluft og yrande folkeliv. Då er det godt å ta fram
Sidan me kom heim har me budd hjå foreldra mine, berre eit par hundre meter frå vårt eige hus. Der (altså i huset vårt) er det eit sant kaos! Snikkarane har rive og bygd oppatt ein vegg på arbeidsrommet mitt, vetlesyster sitt rom, soverommet vårt, i trappeoppgangen, i stova, og ein vegg + taket på kjøkkenet og i gangen på baksida. No er det malaren som skal gjere sitt i alle desse romma.
Badet er ei anna historie. Snikkarane reiv veggane, og heile helga har mannen stått med slagboremaskin og partert golvet. Når badet fyrst skulle gjerast noko med, så fann me ut det ville vere dumt å ta det halvvegs. No vert det varmekablar og fliser istadenfor stråleovn og våtromsplater! Me satsar på at me skal få inn eit badekar av eit eller anna slag, og har beslutta å flytte veggen inn mot det komande vaskerommet med ein dryg halvmeter. (dei øverste bileta er frå det som skal bli vaskerom. Det har til no vore den gamle snikkarverkstaden, med inngang kun frå utsida.
Ein kan seie mykje om løysingane i det gamle huset, men er det nokon stad det har vorte satsa, så er det på badet! 15 cm tjukt betonggolv er inga enkel sak å få vekk, men med mykje svette og god hjelp gjekk det til slutt. Så var det å grave fram avløpsrøyra, som befann seg ein heil meter nede i pukk-laget. Onsdag kjem røyrleggaren, og då skal det gamle vekk og nye røyr på plass. På badet skal handverkarane gjere grunnarbeidet, og så skal me leggje fliser sjølve, til slutt. Der håpar me nok òg på at erfarne hjelparar kjem oss til unnsetning, men det er enno ei stund fram.
Håpar du der ute får ei god fyrste veke i mai!