torsdag 29. april 2010

Manhattan skyline - by day

Så er eg her igjen, med eit lite pip frå det rosa universet, der det føles som det eigentleg har storma uavbrote siste 2 veker. Altså, det er ikkje noko dramatisk, berre så mykje som skjer, som krever oppmerksomheit og krefter. Eg har eit håp om at frå og med denne helga skal det roe seg. Tida vil vise om eg har rett.


Ikveld vil eg vise deg nokre bilete eg tok for nøyaktig 2 veker sidan i New York. Denne dagen fylgde eg rosamannen til skulen - Stevens Institute of Technology som ligg i New Jersey. Det var eit heilt fantastisk vèr denne dagen, og då me gjekk frå Path'en (ein undergrunnsbane som var ei slags hovudfartsåre gjennom delar av Manhattan og under Hudson River) sto the Manhattan skyline og lyste mot oss, i morgonsol og med ein lett dis over Hudson River. Fantastisk vakkert!

Der på morgonkvisten utforska eg ein liten del av anlegget som høyrer til Stevens, og her var det vakre små plassar der ein kunne sitte og nyte utsikta og vårdagen. Denne dagen var det stundevis vel varmt å sitte i sola, sjølv i skjørt og singlet!

Den som er filmglad har kanskje sett ein logo og eit navn som heiter Castlepoint Productions? Bilde nr 2 og 3 er Castlepoint on Hudson. Ganske kult!
Sidan uret no har tippa midnatt, kan eg like godt ynskje alle ei retteleg GOD HELG! Eg kjem plutseleg innom til deg! :)


















Related Posts with Thumbnails