laurdag 24. april 2010

Det står til liv!

Meir enn ei veke har gått sidan forrige innlegg. To veker, nei... tre?... veker har gått sidan sist eg skreiv ein kommentar til nokon i bloggeverda. Slik vart det, med pakking, flytting, og ikkje minst den lange Amerika-reisa.

Heimvegen vart jo litt meir spanande enn me hadde tenkt, med oskeskyer i kø frå våre grannar i vest. Utruleg nok kom me med akurat det flyet me skulle over Atlanterhavet, og derifrå var det berre nokre ekstra timar venting på Arlanda og Gardermoen før me kom heim. 9 timar forsinkelse er jo ingenting i desse dagar! (og så tenkjer me med lettelse på at dersom me ikkje hadde komme oss med dette flyet, så hadde me vore der borte endå, og i kanskje ei veke til. DET hadde nok vorte i tøffaste laget, både på eine og andre måten). Då me flaug tvers over Island på heimvegen, og fekk turbulens, tenkte eg at min siste time var komen, men det gjekk faktisk bra, det òg. No har eg lova meg sjølv å ikkje fly på heil stund!!


Her heime har det gått i eitt bankande heile veka, med ein kjekk kveld på jobb, øvingar i fleng, speling i bryllup, og seinast idag, marknad med musikklaget i grendahuset i bygda. Datatrøbbel har eg òg hatt, så eg har verken fått lagt inn eller lagt ut meir bilder frå turen vår. Over er ein montasje eg laga etter me var på Blue Note Jazzclub og høyrde på musikarane som er avbilda; Kenny Werner, John Pattituci, Randy Brecker, David Sanchez og Antonio Sanchez. Store namn innanfor jazzen, og bassisten Pattituci er ein av Rosamannen sine store heltar. Før konserten byrja fekk han faktisk helsa på den smilande musikaren! Dette var saman med eit herremåltid på den samme jazzklubben feiringa av Rosamannen sin 30 års-dag, som passande nok var midt i opphaldet vårt i New York.

Eg har som mål å komma innom bloggane dykkar i nær framtid, og eg håpar de framleis er innom meg, sjølv om det har vorte langt mellom innlegga.

Ynskjer dykk ei god veke!
Related Posts with Thumbnails