Med eit ullgrått bilete frå det ugjestmilde gjesterommet vårt kan eg no konstatere at me har flytta heim til mor og far. Dei siste par dagane har vore enormt hektiske, sidan me plutseleg fekk beskjed om at byggmesteren skulle begynne riving i huset igår. Alt av lausøyre er stua inn på gjesterom, jenterom og det rommet som tidlegare var kjøkken. Det er fullt! Dei to karane var raske og effektive, og fekk unna mykje meir enn eg hadde forventa igår. Dermed vart det panikkrydding til uti dei små timar, og grytidleg opp idag for å fortsetje. Men no - no er me ferdige med denne biten. No sitt eg i sofaen og ladar opp til å sjekke pakkelista mi mot innhaldet i kofferten heilt på skikkeleg. Om 9 timar skal me reise herifrå, køyre til Flesland, og så ta til på det 10 dagar lange New York, eventyret. Eg er frykeleg spent, men veit ikkje om det heilt har gått opp for meg at det no er alvor. Det virkar nesten surrelistisk at me skal reise så langt og vere vekke så lenge, og spesiellt med tanke på alt som skal foregå her heime. Forhåpentlegvis går alt veldig bra!!
Og, skulle du vere i tvil - både fotoapparat og laptop skal vere med ut i den store verda, så det kjem nokså sikkert opptil fleire reisebrev frå "over there" dei næraste 10 dagane. Eg har ikkje fått besøkt andre bloggar heller dei siste dagane, men håpar ikkje nokon vært fornærma for det ;)
Tudelu!

