...av vår og Vossa Jazz. Det har me fått denne helga.
Eg og mamma tok med oss jentene til Voss laurdag formiddag, og lot sjuk mann vere sjuk mann i heimen. Vårsola titta fram i lange periodar, og det var fantastisk herlegt å kjenne varmen, lufta, og berre fylgje folkelivet. Med på kjøpet fekk me ein liten utekonsert med Gammalgrass, beståande av unikumet Stian Carstensen, super-jazzfiolinist Ola Kvernberg, og ein bassist eg i farten ikkje hugsar namnet på. Folk sat der med utepils eller ei god bok, og det såg fornydelegt ut! (ref biletet innfellt i venstre hjørna) DET skal eg gjere, når.... ja, du veit - om ca 2 vekers tid ;)

Etter eit lengre kafè-besøk gjekk me på gratis-konsert med Voss Storband og diverse solistar. Jentene svinga og svansa, og syns nok det var fin musikk, sjølv om det av og til vart vel høg lyd. Dermed stod dei midt framfor bandet og heldt seg for øyrene (ref biletet innfelt i høgre hjørna). Me får håpe ingen fekk kompleksar av det ;) Besten vår var med der, og jentene haldt faktisk ut i 3 kvarter før me braut opp og fann vegen heimatt. Dermed fekk me både litt jazz og litt vår!
Idag har me vore på bading i eit terapibasseng med deilig varmt vatn, og når ein avsluttar dagen med middag på kafè, ja då syns alle at me har det topp :). Me har dessutan nådd ein aldri så liten milepæl i rosaheimen idag - meir om det imorgon!