fredag 26. mars 2010

2 weeks...... and counting!

Med eit ganske stygt bilde av ein ganske søt påskefugl går me palmehelga i møte. Vanlegvis betyr palmehelg Vossa Jazz både seint og tidleg, men i år vert det den familievenlege versjonen der me stortsett er heime, men tek med oss ungane på Vangen imorgon for å få med utekonsert, folkeliv og kanskje litt BadnaJazz. Dette kjem seg sjølvsagt av at det idag er 2 veker - 14 dagar - til me reiser til New York!!!!!! Då tenkjer me det er lurt å spare både pengar og ikkje minst barnevaktar til dess. Vossa Jazz kan me alltids få med oss seinare, sjølv om det ikkje er akurat dei same artistane ;)

Ref. det dårlege kyllingbiletet: Eg er inne i ein særdeles dårleg periode kva fotografering angår, og syns ikkje eit einaste bilete vert bra. Og dette trass i at eg faktisk var på fotokurs på mandag!! Eit 3-timars opplegg frå Canon, som absolutt føltes nyttig, men som eigentleg har gjort at eg er mindre og mindre nøgd med eigne bilder. Eg trur kanskje det har noko med at eg tek bilder i "hurten og sturten", at instillingar og utstyr ikkje er direkte gjennomtenkt, men så skal eg likevel prøve å gjere fleire ting manuellt enn eg har gjort før. Vanskelege saker! Kanskje, kanskje kan eg få til eit blinkskot eller to når me snusar litt jazz-stemning imorgon? Då er det iallefall dagsljos!

Elles ser det ut til at me skal tilbringe påska i vårt eige, halvvegs nedpakka hus. Me trudde eigentleg at renovasjonsarbeidet etter vinterens vannskader skulle ta til for over ei veke sidan, men plutseleg skulle fleire firma ha anbud, og så skulle forsikringsselskapet gje tilslag, og vips så har dagane vorte til veker. Litt kjedeleg, sidan håpet var at dei skulle få gjort mykje før påske, og sidan, som sagt - mykje er pakka ned. Ikkje viktige ting, som me treng i det daglege. Men ting som er med på å gjere det kosleg rundt oss. Og veldig koseleg er ikkje den digre vifta på kjøkkenet, med røyr tvers igjennom rommet! Men for all del - me prisar oss lukkelege for at me slepp å sitte att med rekninga når det skal rivast og byggjast oppatt ein vegg i kvart rom i heile huset (bortsett frå 2)!!! Når Byggmester Bob endeleg kjem igang med det arbeidet skal me flytte heim til mor og far for ei tid. Inntil vidare passar det jo då fint at jentene kjem heim med eigenprodusert påskepynt som me kan plassere på tomme plassar :)

God palmehelg!

onsdag 24. mars 2010

Kreativ jobb

Idag bloggar eg rett og slett om jobben min. Eg er tilsett i "Kyrkja, Den norske", i prinsippet som sekretær. Og for all del, eg gjer ein god del sekretærarbeid, med referat, arkivering, faktura-arbeid osv. Men i tillegg får eg gjere så mykje anna!

Ganske mykje av det handlar faktisk om kreativitet, når me skal sende ut invitasjonar til våre T-dagar. T-dagane er ein del av den store trusopplæringssatsinga på landsbasis, som kom som ein fylgje av at kristendomsundervisninga i si opprinnelege form gjekk ut av grunnskulen. Voss har vore med heilt frå den tidlege prosjektfasen, og har som mål å utvikle årlege T-dagar (trusopplæringsdagar) for kvart alderstrinn frå 0 - 18 år.

Då me starta opp prosjektet vart ein designar hyrt inn for å lage invitasjonar, logo osv som etterkvart har vorte eit slags varemerke for T-dagane i vossakyrkjene. Ho laga dei 5-6 invitasjonane til T-dagane som har vore med frå byrjinga, men i det siste har det kome til fleire nye T-dagar, og designaren har flytta på seg. Eg har etterkvart fått god trening i å redigere i dei invitasjonane ho hadde laga, og har med stor glede teke fatt på utfordringa med å lage nye invitasjonar i samme stil. Dei vert laga i "CD-cover-format", så det du ser på øverste bildet er framsida (til høgre) og baksida (til venstre). Under er innsida av invitasjonen eg gjorde ferdig idag. Dvs - ferdig, om ikkje prosjektleiaren eller andre på kontoret har ankepunkt og endringsforslag på ting eg har sett meg blind på ;)


Når eg har laga denne invitasjonen har eg brukt eindel av elementa som designaren laga for fire år sidan, men denne gongen har eg i større grad enn før klart å lage eigne element i Adobe Illustrator. Dette er som fleire av adobe-programma enormt stort og fullt av moglegheiter, og det tek tid å lære seg korleis ting fungerer når ein skal finne ut av alt sjølv. Men - øving gjer som sagt meister, og sjølv om eg endå er på eit svært tidleg stadie i den prosessen, så har eg t.d. laga engelen, vin-kalken og brøda på invitasjonen i Illustrator. Tenk så heldig eg er, som får lov til å "leike" meg slik i beste arbeidstid!!
Imorgon startar den ikkje fullt så kreative delen, med printing, kutting, bretting og pakking av ca 130 invitasjonar. Og så får me håpa mange 7-åringar vert inspirerte til å delta i påskevandringa dei vert inviterte til om ca 2 veker.

søndag 21. mars 2010

veske-kort til ei lita prinsesse

Då nabojenta fyllte 3 år for nokre veker sidan hadde eg endeleg eit høve til å få laga veske-kort. Utgangspunktet er ein filterpose (til kaffitraktaren), som er kledd inn med mønsterpapir. Den vesle prinsessa på framsida er stempla og fargelagt med distress ink, og så må det jo litt "bling" til for å laga eit ekte prinsessekort :)

No er alle scrappesakene pakka ned, og eg kjem plutseleg på at eg skulle ha laga opptil fleire kort iløpet av våren. Enten må eg satse på at me er flytta heimatt innan den tid, eller så må eg hente ut litt scrappesaker når det nærmar seg mai og konfirmasjonstid i bygda..
Related Posts with Thumbnails