laurdag 20. mars 2010

Arktiske tilstandar ispedd litt jordbær

Dei siste to døgera har me fått godt gamaldags vestlandsvèr, med ausande regn tidleg og seint. Det har ført til mykje trøbbel for mange, med rasfare, jordras, snøras, stengde vegar og nye elvefar. Slike problem har heldigvis ikkje me hatt, sjølv om den eine kjellaren vår idag var full av vatn og slam etter at vegen opp til foreldra mine delvis rann vekk iløpet av natta.

Meir interessant var det å få teke bilder av pakkisen ved elveosen og i Evangervatnet idag. Eit ganske stilig fenomen, som eg ikkje kan hugse å ha sett før. Digre isflak kom seglande nedover elva, og eg vart overraska over kor tjukke dei var!







Som for å sleppa litt vår og varme inn i ein ellers sur og grå seinvinterdag, kjøpte rosamannen frosne bringebær og friske jordbær, og lagde herleg smoothie til oss jentene. Jentene fryda seg, og eit pust av sommar fòr forbi når me kunne nyta den kalde, friske drikken.

God sundag i vente!

torsdag 18. mars 2010

Ei veke

Ei veke går frykteleg fort. Spesiellt veker som er fyllte med mykje aktivitet både i heimen og på jobb. Helga forsvann med eit svisj, og laurdag kveld vart endå betre enn eg hadde håpa. Etter forestillinga med Stilett-damene og musikklaget stod publikum på siste låta, og me måtte dra heile to ekstranummer. Slikt er ikkje kvardagskost for ein korpsmusikant! Etterpå var det berre lovord å høyra, både frå kjende og framande, og ikkje minst frå lokalpressa nokre dagar seinare. Med slik respons kjenner ein verkeleg at det var verd strevet! Det øverste biletet er litt mørkt, men eg måtte berre ta det med. Eg var nemleg så heldig å få spele flygelhorn saman med Stilett-damene på ei herleg melankolsk og vakker låt om 20 års reunion for ungdomsskulen. Veldig kjekt! Bileta frå konserten er tekne av ein lokal amatørfotograf med knallplassering i salen, som trass vanskelege lysforhold fekk til nokre fine blinkskot :) Eg har fått løyve til å bruke dei ;)




Imorgon har eg fri-fredag etter ei intens jobbeveke, og dagen skal brukast til å pakke ting og tang i huset vårt ned i kassar. Kanskje vert det siste helga på ei lang stund me kan nyte i huset vårt? Kvifor skal eg skrive meir om ein annan dag. No skal eg ta ein sterkt etterlengta rundtur i bloggverda, og sjå kva andre har helde seg opptekne med siste veka.
Related Posts with Thumbnails