tysdag 9. mars 2010

Om nøyaktig 1 mnd

....landar eg og min kjære på Newark flyplass i New York. Tenk det!!
Reisefeber, som me har brukt til å booke turen, sendte oss ein mail idag, med ein knallfin guide til byen. No har eg skumma den, og gler meg endå meir enn før!

(biletet er lånt frå ein bloggar som har funne det ein annan stad på verdsveven ;) )
Min kjære fyller jo 30 år medan me er der, og planen for feiringa er meir eller mindre klar oppi hovudet mitt. Så får eg berre håpe at eg får til det eg har tenkt for oss....

Imellomtida har me drøyt 4 travle veker framfor oss, og den me er godt igang med no er nok den travlaste. Mykje som skjer på jobb, og mykje som skjer med det før omtalte Stilett-prosjektet. Innimellom dette må me jo ta oss av sjuke ungar (og kryssar alt som kryssast kan for at det ikkje er omgangssjuke som er på veg inn i heimen, når storesyster ikveld var heilt ute av slag!), og ta imot diverse folk som skal hjelpe oss med å få bukt med vasslekkasjen i huset og alle skadane den har medført. Heldigvis ser alt ut til å gå vår veg, og det er ein enorm lettelse, sjølv om det heilt klart vert nokre praktiske utfordringar utover våren :)

Eit rote-innlegg om alt og ingenting ikveld, og det er nøyaktig slik hovudet mitt fungerer for tida. Som Odd Nordstoga seier: "alt for mange lause ting,........ alt for mykji tenkje på"!

tudelu!

søndag 7. mars 2010

Den morgonen sola datt i vatnet

Nei, det var ikkje dommedag. Det var faktisk ein heilt vanleg torsdag, der eg var litt seint ute til jobb. Det er forresten ikkje noko uvanleg med det heller, men eg har heldigvis svært fleksibel arbeidstid, så "for seint" er oppi hovudet mitt. Uansett, sein eller ikkje, så måtte eg stoppe på Bulken og ta bilder av sola. Det er svært sjeldan eg tek bilder av sjølve sola, for som regel vert dei ikkje så bra. Denne morgonen var det anleis, der ho gøymde seg bak tjukk skodde over Vangsvatnet. På det fyrste bildet likna ho igrunn meir på veslebror sin - Månen.

Kanskje var sola òg litt trøytt denne morgonen? Kanskje lurte ho - akurat som eg - om ikkje det var betre å berre krype inn under dyna igjen? I sola sitt tilfelle ville jo det passe med skodda der på vatnet. Den er nok mjuk og fin, om enn litt kald, å sveipe seg inn i. Det såg iallefall ut som sola var på veg ned istadenfor opp, og morgonljoset var magisk!














Håpar du får ei magisk veke!
Related Posts with Thumbnails