Litt reklame må jo bere lov i bloggen. Og ikveld reklamerer eg for storprosjektet som munnar ut i ei forestilling neste laurdag, 13. mars, med korpset mitt og eit vokalensemble frå hovudstaden. Ei av dei dyktige damene her er mi gode veninne frå gymnastida, og no jobbar me altså saman om forestillinga "På swingande Stilett". Bakgrunnen på plakaten (over) er den damene brukar til vanleg, så eg har berre moderert litt hist og her, og smelt på nokre brass-instrument som sjølvsagt representerer korpset. Ein tenkjer nok ikkje over det utan at ein har gjort det sjølv, men det er uhorveleg mange små trådar som skal samlast i forkant av eit slik arrangement! Sponsing, lyd, lys, annonsering, vikarar, musikkvalg, lokaler, dugnadsinnsats og innkjøp m.m. Eg håpar me har kontroll på dei fleste når dørene opnar kl 19.30 laurdag kveld! Skulle du vere i nærleiken, eller skulle du ha lyst til å få servert tekstar med snert og swingande rytmar, kanskje med noko godt i glaset, så nøl ikkje med å legga turen til Dale og Dalehallen!Og - når trådane er samla, publikum kjem, og musikken er igang - DÅ er det kjekt å vere arrangør, då :)

