laurdag 27. februar 2010

Slideshow

Medan skijentene har gjort sitt (heia Marit!), har eg lasta opp x antall nye scrappebilder i slideshow'et som rullar og går i venstre kolonna her hjå meg. Dei fleste har eg nok vist i eit eller anna innlegg her på bloggen frå før.


(jada, litt reklame fylgjer òg med når ein brukar gratis-program frå nettet)

Imorgon er det meldt strålande vèr, og me satsar på pølsegrilling hjå naboen i påskesola ;) me har dessutan lova storesyster (og ryggen til rosamennen) ein tur i badebassenget, og slike lovnader er det ikkje lett å lure seg unna.

God sundag!

fredag 26. februar 2010

Giveaway x 2

På ein fredag formiddag, med byggmester Bob på taket og ein storm av tankar i knollen, så har eg hengt meg på i to Give-away'ar.

Hjå Urban Retro, med desse lekre sakene:

Og hjå Snøstorm, som gjev vekk knallfine plakatar.


Snart skal eg på besøk til ei bittelita prinsesse, og reknar med det vert ein kopp kaffi og ein god prat attåt. Ha ein fin fredag!

søndag 21. februar 2010

Meir terapi

Plutseleg er det sundag kveld - tru kvar helga fòr hen?

Kveldens terapi-form er scrapping! Når eg er trøtt og lei, frustrert eller tankefull, då er det utruleg godt å gå inn på arbeidsrommet med bilder, papir og dill. Prøve, feile, og prøve igjen, medan huset stilnar og roen senkar seg både rundt meg og inni hovudet.

Englefjes-LO'en har vore eit stort problem for meg. Eg hadde bildene, oppsettet og det meste av pynten. Men tittelen var vanskeleg! På baksida har eg notert at den var ferdig 3. februar 2009. Sanninga er at den vart ferdig ikveld. Kvar gong eg har prøvd å scrappe i det året som har gått, har eg teke den fram, sett på den, og lagt den tilbake i mappa. Og så har scrappelysta vore som blåst vekk! No er det gjort, og eg syns den vart heilt grei. Må berre finne at datoen for kva tid bildene av vetlesyster i tante-strikka kjole vart tekne......

Denne Lo'en har vore mykje lettare. Rotterdam-turen som eg og Storesyster hadde sist haust vart her i bloggen samanfatta i to billedmontasjar. Desse skreiv eg ut, og brukte i scrappinga. Vanlegvis ville eg ha skrive ut bildene separat, og montert dei på kvar sine matter på LO'en, men eg syns dette var ei fin avveksling.

Så ligg ei ny veke framfor oss, med nye dagar som skal fyllast. Rosamannen er eit hakk betre, og huset likeså. Dermed er det vel berre å ta fatt med friskt mot?
God veke!
Related Posts with Thumbnails