laurdag 20. februar 2010

Terapi

Terapi er eit sentralt begrep i Rosaheimen i desse dagar.

For min kjære Rosamann handlar det om fysioterapi, då han etter diverse uheldige episodar har fått konstatert skiveprolaps i korsryggen. Det betyr at han eignar seg klart best i horisontalen, og sjølv då er til dels plaga med smerter i rygg og venstre fot. Me kryssar alt som er for at han med god hjelp og kvile kjem seg på beina igjen snart, slik at f.eks. årets stor-tur ikkje går i vasken!

Ellers er det stadig nye vendingar i historia om vatn og is i huset vårt, men idag håpar me at eit par gode hjelparar skal få bukt med litt av problema ved hjelp av ulike former for terapi ;)

Igår testa eg litt terapi i ei heilt anna form: retail-therapy! Eit kaffikopp med hank, i det nydelege rosemønsteret frå Green Gate. Den skal eg drikka kaffien min frå no, og eg håpar den kjem til å smake ekstra godt, og gje meg "det lille ekstra" eg treng for å halde tritt med mine søte og små, men utruleg travle døtre.


Har ikkje hatt overskudd til å lese bloggar denne veka, men helga er jo full av moglegheiter. Håpar iallefall de der ute får ei knakande god helg! Og til dei som startar vinterferien og reiser på tur: Køyr forsiktig!!!

onsdag 17. februar 2010

Karneval

Idag var det endeleg tid for karneval i barnehagen, etter at storesyster har gleda seg i vekesvis! Snuppene troppa opp som heks og dinosaur (jauvisst skulle ein ha ordna og sydd kostyme sjølv, men så flink er eg ikkje, rett og slett!), og hadde ein heilt strålande dag! Rosamannen har det ikkje fullt så strålande for tida, men me håpar at helsevesen og gode makter står oss bi slik at han kjem seg på beina igjen snart.

Særdeles kort innlegg får denne kanten idag, men no kallar senga, for imorgon er ein ny dag med nye utfordringar.

nattinatt!
Related Posts with Thumbnails