laurdag 13. februar 2010

Nett so i gamle daga!

Idag har vore ein heilt fantastisk vakker dag. Temperaturen har vore på 8-9 minus, snøen har glitra og sola har stråla frå knallblå himmel. Kva passar då betre enn godt gammaldags skirenn? Igår kom meldinga på den o' store fjesboka om at det skulle vere eit uhøgtideleg skirenn på ein av dei få flate bøane i bygda. For meg innebar dette plutselege "flashback" til barndomen, då det var skirenn i bygda kvar einaste vinter (iallefall slik eg hugsar det). Me fekk buljong og hotdog når me kom i mål, eller varm saft!
Både eg og Rosamannen tok på skisko og pakka ski i bilen, men rekna ikkje med å gjere anna enn å gå ved sida av storesyster når ho skulle ta seg ut. Så feil kan ein ta! Her var det løypetrasèar for store og små, og berre å hive seg med i racet. Eg kunne jo, trass dårleg kondis og ingenting som liknar trening siste 30 døgn (døgn, veker, månader, år... you name it), vere dårlegar enn mine sambygdingar, og la ut i friskt tempo. Etter 150 meter angra eg litt. Etter det dobbelte stoppa eg brått, då det ikkje var flatt lenger. Det kom ein NEDOVERbakke. Eg kikka meg over skuldra for å søke moralsk støtte i ho som kom bak meg, men innsåg at det neppe ville gjere saka betre om ho kom og køyrde på meg når eg låg på tvers av løypa. Lommene vart forsegla slik at mobiltelefon og kompaktkamera ikkje skulle verte øydelagde av snø, og før eg lot det stå til. Det var berre såvidt eg ikkje kneip att augene, men inni meg dukka det opp ei stemme som sa at med litt svikt i knea og mjuke bein ville dette kunne gå bra. Og det gjorde det! Etter 1,3 km var det bratt oppover, og eg tenkte på Jörgen Brink medan eg i brei fiskebein karra meg oppover bakken. Til heiarop var eg inne og runda på "stadion", og plutseleg kom det ny nedoverbakke. Etter opparbeidd sjølvtillitt ved forrige bakketopp sette eg utfor utan å nøle denne gongen. Midt i bakken oppdaga eg at sporet i bånn vart borte, og gjekk inn i ein litt uklar sving. Med bein så stive som tømmerstokkar våga eg ikkje prøve meg på nokon sving, og havna lang ute i laussnøen. Det vart meir som ein liten strafferunde før eg hadde stavra meg innatt i sporet, og då eg endeleg kom til oppover-brattebakken igjen vart det ikkje eit einaste lite rykk å henta. Likevel vart eg heia i mål av mann, barn og gode naboar, og ein bror som lurte på korleis sikta var - brillene var heilt dekka av dogg, og for ein gongs skuld såg eg betre utan.


Storesyster gjekk skirenn for fyrste gong, og strålte om kapp med sola då ho kom i mål som fyrstemann av dei 3 under skulealder. At det jamngamle syskenbarnet gjekk ut eit halvt minutt bak ho var slett ikkje nøye, og iallefall ikkje det faktum at han gjekk løypa på 5 sekund kortare tid enn ho sjølv. Vinnaren er jo den som kjem fyrst i mål!

Vetlesyster har ikkje fått ski på beina endå, men kosa seg i massevis med sine jamngamle syskenbarn, og hadde stadige ekspedisjonar langs skiløypene med og utan akebrett. Ikveld sitt eg godt planta i godstolen, og gruar meg litt til eg skal opp frå den. Då kjem eg nok til å kjenne eit ukjend tal musklar eg ikkje visste at eg hadde!

Imorgon er det morsdag...eller valentinsdag....eller fastelaven. Hjå oss brukar me ikkje å feire dei to fyrste, så dermed vert det bollebaking i Rosaheimen. Eg prøvde å hinta litt til min kjære på torsdag om at det var ein fin dag for blomar, men å ta hint har desverre aldri vore hans sterkaste side. Og når eg allereie har stadfesta at me ikkje feirar verken morsdag eller valentinsdag så er han kanskje unskyldt? Uansett, kjære Rosamann (som eg veit les bloggen når eg postar noko nytt), det er aldri feil med ein bukett tulipanar ;)

God sundag!

onsdag 10. februar 2010

Onsdag, leik, vatn

I mangel av ei betre overskrift vart den ei kort samanfatting av dagens innlegg;

I ein periode no i vinter er onsdagane heimedagar for meg. Dvs - midt på dagen tek eg vegen til kyrkja, og leiar babysong-samlingar for dei nydelege små som var fødd her i bygda og nabobygdene i 2009. Det er ein kosleg del av jobben min, der eg midt i beste arbeidstid får verte litt betre kjend med dei små og mødrene deira. Ja, for det er helst mødre som er med på slike samlingar. Antakeleg fordi det endå er mødre som er mest heime i permisjonstida? Me syng og spelar, og avsluttar med kaffi og ein lett lunch som snille damer i bygda leverer på døra. Veldig kjekt!

Igår kveld var eg på 2. kurskveld med Photoshop, der eg leika meg litt med bilete eg har tatt det siste året. Eg har brukt photoshop ganske mykje (f.eks. når eg laga jolekort), men sidan eg er sjølvlært rekna eg med det var nokre heilt "basic" ting som eg ikkje hadde fått med meg. Og - eg hadde rett. Eg må vel sei at det meste me har vore igjennom til no har eg vore borti før, men eg har òg fått meg eit par aha-opplevingar, der eg nesten klaska meg i panna over at eg ikkje hadde skjønt eller visst dette før.
Sist veke såg eg i avisa at det skal vere fotokurs over to kveldar på Voss, og eg trur jammen eg skal melde meg på det òg?! Eg reknar meg eg har eitt og anna å lære av ein fag-fotograf ;)

Og til slutt, ei lita gladmelding: Idag har det vore to hyggjelege røyrleggjarar her i huset og lagt om kjøkken-vatnet vårt. No ligg det i innervegg og oppå golvet (inni sokkelen) på kjøkkenet, og då bør det ikkje fryse med det fyrste. Det beste av alt er at me fekk det som reklamasjon hjå dei, og dermed slepp å betale eit einaste øre for jobben som no er gjort. DET syns eg var god god service, og fortener litt reklame for Voss Varme og Bad. At huset såg ut som ein svinesti etterpå tok me med godt humør, og eg syns det er heilt i orden at fredagsvasken er gjort allereie på onsdag!
Tusen takk for koslege kommentarar på forrige innlegg. No har me fått flybillettar og hotell-voucher på epost, og har allereie begynt å gle oss. Det kjem nok eit innlegg når det nærmar seg om tips til kva ein bør og må få med seg i N.Y. ;)

God kveld frå Rosaheimen!

måndag 8. februar 2010

Billettar er bestillt...


Veit du kvar dette er?
Ein verdensmetropol. Ein by som for nokre år sidan fekk sin "skyline" dramatisk endra idet mørkemenn styrta to fly inn i Tvillingtårna.
- New York -
Eg sitt og hoppar litt på stolen, kriblar i kroppen, skjelv litt på fingrane, og knip meg lett i armen. Imorgon er det to månader til avreise. Flyturen går frå Bergen til København - til New York!!!

Min kjære Rosamann fekk forrige veke mail frå skulen der han tek sin mastergrad i Systems Engineering, om at han og 6 andre studentar var meldte opp på ei vekes kurs ved Stevens Institute of Technology. Masterstudiet på Kongsberg er nemleg ein slags avdeling under Stevens, og mange av studentane er der borte i 3 månader. For ein mann med familie, fast jobb og forpliktelsar er ikkje det så lett. Men ei veke - det går an. Sjefen hans godkjende reisa, og betalar reise og opphald. Me har lagt inn søknadar hjå snille besteforeldre som seier at dette går an å få til, sjølv om dei framleis er slitne etter ei helg med turbojentene på besøk, eller er opptekne med jobbing både seint og tidleg. Og ikveld har me gjort det - bestillt flybillettar og hotell, 9. - 19.april.

Det har nok ikkje heilt gått opp for meg kva me har begitt oss inn på, men eg syns det er heilt fantastisk!! Den siste tida har me nemlig snakka om at for å komme oss til N.Y. skulle me ynskje oss reisegåvekort hjå alle me kjenner når me iløpet av året skal feire to 30 års-dagar.Plutseleg skal den eine feirast i The Big Apple! Ja, for Rosamannen får faktisk feire dagen sin iløpet av tida vår der borte. Det må vel verte ei makalaus feiring? Ein slik sjangse, der arbeidsgivar betalar store delar av utgiftene, kjem nok aldri att. Difor er eg ekstra takknemleg for at me med god hjelp kan gjere dette. Noko me begge har drøymt om i mange år.

For mannen vert det skulegang mandag til fredag, men det må jo vere mogleg å få med seg både konsertar og anna på kveldstid. Og eg - eg har tenkt å utforske litt på eiga hand, i all forsiktigheit sjølvsagt, og berre på "trygge" stader. Me har dessutan ein dag og to i kvar ende av opphaldet som skulle gjere det mogleg å få sett litt meir. Antakeleg får me berre sett nok til å ville tilbake?
Mange tankar spinn gjennom hovudet ikveld, og eg kjem antakeleg til å vende tilbake til temaet fleire gonger iløpet av våren - både før og etter turen.

God veke!
Related Posts with Thumbnails