
Det andre kalendarbladet er her alt. Ein månad er gått av det ikkje lenger fullt så nye året. Ein kvit månad. Ein kald månad. Ein månad med frustrasjonar over alt kulden fører med seg i hus og heim. Ein månad med glede over vakkert landskap og kjekke vinteraktivitetar.
Så er februar her, og vanlegvis er det i
februar snøen kjem. Det er i
februar kulda kjem. Då er det vel berre å brette opp armane, då? Gjere seg klar til å "bere vatn og bere ved"?
På rommet til vetlesyster har me no skrudd varmen av heilt, og det ser ut til å hjelpe på - det dryp mindre no. Det seier oss at over rommet hennar må det vere eit hòl. Ei skada skiferhelle. Igår hugsa me omsider at det forrige helg var sterk vind, og at det utpå kvelden høyrdest eit skikkeleg dunk som kom ifrå akurat den staden i huset der dette rommet ligg. Me såg ingenting, og gløymde det. Heilt til igår, då det plutseleg demra kvifor vatnet no vil inn i huset. Rosamannen ringte forsikringsselskapet for andre gong idag, etter at han fredag vart feid av banen av ein prinsippfast austlending som konstaterte at "utett tak" ikkje gjev forsikringsutbetaling. Idag hadde me jo nye opplysningar - det har skjedd
noko, som har gjort til at smeltevatn, regnvatn og alt anna som er vått og kjem ovanfrå no vil inn og kosa seg i huset vårt. Og såvidt me har klart å plukke opp så er
plutselege skadar noko som skal kunne vere gyldig sjølv for dei høge herrar i forsikringsselskapa. Min kjære prøvde å ringe saksbehandlaren vår lokalt, men vart straks sendt vidare til meir sentrale strok. Og - skulle du sett - der hadde dei allereie "ei sak" på oss, så han måtte nok vente til vår saksbehandlar kunne ringe tilbake. No veit ikkje eg kva dei lærer om psykologi og kundebehandling på opplæringa til forsikringsselskapa sin skademeldingsavdeling, men eg håpar inderleg "vår mann" ikkje er representativ. Etter å ha vrengt av seg at me overhodet ikkje hadde skjønt forutsetningane for forsikring, etter å ha høyrt den nye utviklinga i saka, så presterer han å sei at "du må huske at å komme med falske opplysninger er en svært alvorlig sak". Eg syns det er så frekt at eg veit ikkje om eg skal le eller gråte. Å skulde oss for forsikringssvindel når me har funne ei mogleg årsak til vatnet sildrar og renn i veggen syns eg er grovt. Nesten like grovt som å avvise heile saka utan eingong å ha latt ein takstmann sjå på det. Rosamannen vart nok antakeleg litt.......
rosa i toppen, og til slutt gjekk den venlege herren med på å sende ein ordre til takstmann, som kan komme og vurdere kva som kan ha skjedd. Eg tippar det står notert i "saka" vår at me svært mistenkeleg hadde nye opplysningar i saka 3 dagar etter fyrste skademelding, og at det sikkert er forsøk på svindel. Eg - ein forsikringssvindlar. Eg vert matt!
Men imorgon kjem ein ny dag -
JIPPI! Og imorgon skal eg på fyrste av tre tirsdagskveldar med kurs i Adobe Photoshop!
JIPPI! Eg har jo brukt det eindel på sjølvlært basis, men håpar at eg kan få nokre nye tips og innfallsvinklar til dette enorme programmet. Og så får me sjå kva som skjer vidare i føljetongen om vatn i Rosaheimen. Onsdag kjem det forresten røyrleggjar på synfaring - det er mogleg me kan legge om vassrøyra til kjøkkenet slik at me slepp å få millionrekning på vassforbruket (no står det jo og renn døgnet rundt så snart temperaturen nærmar seg 8-10 kalde grader, ellers frys det igjen).
JIPPI!GOD VEKE!