laurdag 30. januar 2010

Tellus

I vårt rikhaldige hus har det stått ein globus, godt gøymt vekk på gjesterommet, utan ljos og liv. I det siste har me gjort litt små endringar i stova, der me mellom anna har teke vekk databordet med den stasjonære maskina og flytta det opp nettopp på gjesterommet. Ein pidestall (heiter det det?) eg malte då me flytta inn har komme litt meir til sin rett, og ikveld fann eg ut det var på tide å finne ut korleis ein slik globus virka. Det måtte jo gå an å skifte pære i den!

Og - ikkje overraskande - det gjorde det. Med sitt glødande indre vart globusen interessant på ny, og har fått plass midt i stova.

Der står den og spreier eit nydeleg varmt ljos, og små og store kan studere navn og land me knapt har høyrt om før. Globusen er sjølvsagt ikkje av ny dato, så her kan ein finne att gamle navn som Sovjetsamveldet, Zambia og Rhodesia (Det skal nevnast at eg ikkje har dei største kunnskapane innan verken geografi eller historie, men desse namna eksisterer då vitterligen ikkje lenger, sant? Sovjet er eg sikker på, hihi)


English: In my old house there is lots of stuff from the previous owner. Tonight I brought back to life (that is - changed the light bulb inside) the old globe, and now it spreads its warm light in our livingroom.

God laurdagskveld!

fredag 29. januar 2010

Utfordring, is og sol på ein fredag

Av Kristin fekk ei utfordring om å finne fram til det sjette bildet i den sjette mappa på PC'en min. Det er bilde av noko eg har vist på bloggen før, men det er nokså nøyaktig eit år sidan. Til jola 2008 laga eg gåver til fleire familiemedlemer. Til mi yngste svigerinne laga eg denne minikommoden av 24 halvstore fyrstikkøskjer. Den vart pynta med scrappepapir, sløyfeband, eit dikt og utstansa bokstavar. Alle kantar er sverta med distress ink. Kjekt arbeid, sjølv om den totale summen av scrapping på den tida gjorde at eg møtte scrappeveggen utpå vinteren -09, og ikkje fann fram til papir, lim og bilder før no i januar.

Utfordringa let eg gå vidare til

Så får dei alle velje om dei vil ta den ;)

Idag har vore ein nydeleg dag her i vest. Det har vorte kaldt igjen, og sola har stråla frå blå himmel. Det slo meg plutseleg at fleire av naboane hadde sol på husa sine, og eg tok runden i mitt eige hus for å sjå om eg kunne finne ein solstråle ein stad. Kjøkkenet ligg i den nord-vestlege enden av huset, og får sjølv sommarsdagen ikkje sol før utpå ettermiddagen. Stova ligg mot sør-aust, men har det store uthuset rett ovanfor som kastar skugge. Men då eg gjekk ut døra på oppsida av huset, DÅ fann eg ho! (og ja, det er med skam å melde at denne sida av huset ikkje er malt. Dei tre andre sidene fekk ny kledning for halvanna år sidan, og MÅTTE malast, men denne er i ganske god stand, og har dermed vorte nedprioritert)

Eg fann dessutan ikkje berre sola, men store mengder is langs takrenner, vindauger og ned langs kledninga. Vindauga øverst på bildene er rommet til vetlesyster, der vatnet kom inn tidlegare i veka. Kanskje ikkje så rart, når ein ser kor mykje is som ligg på nederste del av taket? Me veit forøvrig ikkje kva me skal gjere med det problemet endå. No når det vart kjøligare att stoppa det heldigvis, men me anar at isen no ligg og sprenger på nye stader, der vatnet har funne seg nye vegar inn i huset. Ein kjapp samtale med forsikringsselskapet gav nedslåande resultat, men me håpar me skal få overtalt dei til iallefall å ta ein kikk før dei sler handa av oss.

Eg har hatt denne fredagen òg i heimen, med jentene i barnehagen og mannen på jobb. Faktisk, så stod eg ikkje opp før klokka halv elleve (!) idag, og fann ut at min kjære hadde stått opp grytidleg med morgonfriske jenter, og levert dei i barnehagen før han sjølv reiste på jobb! DET er mannen sin det :) Dermed kunne mor ha ein roleg morgon, før eg omsider kom igang med fredagsvasken. Ikveld har eg til og med saga ved, sidan mannen sin rygg framleis kranglar og vedbingen var ubønnhørlig tom. Eg er vanlegvis kald på hendene, og mistar kjensla i fingrane kvar einaste dag når eg køyrer bil i kulda. Ikveld medan eg stod og saga ved skjedde det samme, men etter ein halvtime var kjensla tilbake, og fingrane vart til og med varme! Dermed kunne eg med stor glede konstatere at eg framleis hadde 10 fingrar etter endt sage-økt.


Her er til slutt eit lite bevis på at sola skin på huset vårt igjen; skuggar av istappar i vindaugskarmen på baksida av huset. Med det ynskjer eg deg ei god helg, du som ser innom i det rosa universet!

-------------------

English: The sun is shining on my house again, after months "in darkness". As I searched for its beams I found lots of ice on the wall at the backside of the house, where water poured in earlier this week. Still no solution to the water-problem, although it has stopped now that the temperature has sunk again. Today I got to sleep for quite some time while my dear hubby got up with the girls and brought them to kindergarden. How's that for a nice hubby? Have a lovely weekend!

onsdag 27. januar 2010

Vatn til besvær

Eg las ein stad at det siste ein skal bruka bloggen til er sutring og klaging. Då skulle ein heller late vere å blogga. Likevel - ikveld er det ikkje mykje lysteleg i Rosaheimen. Om du ikkje vil øydeleggje ditt gode humør kan eg anbefale å surfe vidare til neste blogg ;)

Dei som er innom jamnleg har kanskje fått med seg at me har hatt store problem med vatnet på det 3 år gamle kjøkkenet vårt. Siste biten ligg vassrøyra under kjøkkengolvet, i ein blindkjellar, og der vert det tydelegvis kaldt. Igår var det berre 7 kuldegrader om morgonen, og eg rekna det som sikkert å ikkje la vatnet renne. Når me kom heimatt på ettermiddagen hadde temperaturen stige til 4 blå, men likevel - då eg skulle tappe kaldt vatn kom det ikkje ein dråpe. Min kjære sat i kjellaren og haldt ein gammal støvsugar med selskap heile kvelden, fordi me drog varm luft gjennom det ytterste røret i håp om å tine det innerste. (Støvsugaren måtte få selskap fordi det plutseleg lukta svidd opp i stova når den hadde stått ei lita stund ålein). Ingenting skjedde, anna enn at Rosamannen var iskald og hadde gått inn i ein ny krangel med korsryggen sin. I natt steig temperaturen endå meir, og til vår store gleda begynte vatnet å renne iløpet av den halve timen som gjekk frå me jentene forlot huset til Far stod opp. Hurra!

Som lova på yr.no kom det iløpet av dagen ein del regn, og temperaturen steig til eit par plussgrader. Vel heime etter jobb såg eg plutseleg at det hadde runne vatn langs rullegardina som er nedtrekt i gangen på baksida av huset. Det låg òg vatn i glaskarmen. Eg tok beina fatt og jogga opp på rommet til Vetlesyster, som ligg rett over denne gangen. Og jaudå - i taket over vindauga hennar (skråtak) draup det flittig. I vinduskarmen og ned langs vindauga rann det små elvar - på innsida! Dyna og madrassa til snuppa var vått, golvet rundt vindauga var vått, leikene var våte. Eg sprang ned for å hente handkle, og i trappegangen, som ligg på den andre langsida (framsida) av huset var det jammen vått, der òg. Me har delvis pussa opp den gangen, og sette mellom anna opp nye plater på veggane sist vinter. No kryp vatnet innover i plateskøytar og sparkel, og me berre kryssar alle fingrane for at vatnet ikkje skal trekke inn i veggplatene på det nye kjøkkenet, som ligg like ved.

Det verste er igrunn at me veit ikkje heilt korleis me skal angripe problemet. Korleis kan me stoppe det FØR alt er ferdigsmelta? Det føles verken trygt eller lurt å begynne med stige for å klatre på taket med så mykje snø og is både der oppe og på bakken. Og kor mykje skade gjer vatnet innvendig? Kor mykje må gjerast i huset når dette ein gong har turka opp? Og kor mykje må gjerast på taket?

Mykje frustrasjon og forvirring i rosaheimen ikveld, rett og slett. Eg er glad i vårt gamle hus. Glad i sjela, og spora etter tidlegare generasjonar. Men denne vinteren har det komme frå min kjære mang ein gong at me skulle aldri ha kjøpt det. At me skulle bygd nytt, eller kjøpt eit som var tilnærma tett, tilnærma beint, og tilnærma varmt. Av og til er eg einig.

Trur faktisk eg skal ta med meg eit blad og krype opp under dyna. Kanskje alt er betre når eg vaknar imorgon?
-----------------------------------
English: with the low temperatures we have had this winter the water in our kitchen has frozen in the pipes multiple times. When the temperature roze, we got another water-problem: a leak in the roof caused "rain" in our youngest girls' bedroom and bed. There is no easy way to stop it, and we are both confused and frustrated over the challenges an old house can bring. At times we wish we had built a new house, or bought one with less soul and better condition. Hopefully, everything will be better in the morning.

måndag 25. januar 2010

mandags-innlegg

Det er heilt typisk! "Kvar gong" (ei mild overdriving, sjølvsagt) eg koblar kamera og PC saman for å legge inn bilder, så har kamera så lite batteri at det ikkje orkar å overføre bildene. Slik var det ikveld òg. Difor får du ikkje sjå det du skulle få sjå, men heller ein liten fotomontasje av min kule, livlege, rampete, sjarmerande to-åring.

Igår sat ho her og skulle male i boka si. Men som så ofte er det ikkje berre i boka ho malar. Bordet er like godt som lerret, og denne gongen måtte ho nett smake litt på malinga òg. Eller kanskje ho skulle sminke seg litt, slik storesystra likar så godt å gjere? (Jaudå, ho er berre 5, og har berre leike-sminke enn så lenge)
Vetlesyster har dessutan forelska seg heilt i dei rosa solbrillene me har arva etter ei veninne, og fleire dagar har det vore full krise om desse t.d. har låge att i barnehagen når me var vel heime på ettermiddagen. Det er ikkje alltid like lett å få dei på, men når dei fyrst er på plass ser ho skikkeleg cooooooool ut, sjølv med svarte malingsflekkar ;)

Ikveld har me vore på besøk til den vesle nabo-prinsessa som er 3 veker imorgon. Ullkle og kort vart godt motteke, og som alltid i møte med nye verdsborgarar vert eg slått av kor utruleg små dei er!
Håpar de der ute har hatt ein god start på veka!
------------------------------
A short summary in English: Since my camera was low on battery tonight ("as always") you get to see some pictures of my charming 2-year old playing with paint and pink sunglasses, instead of the pictures I meant for you to see. Hope your monday was fine!
Related Posts with Thumbnails