Aller fyrst er det ei utfordring eg såg hjå Henriette, med bloggen to hus tett i tett. Den går på å vise noko ein har, men som ikkje er nyinnkjøpt. I det gamle huset mitt har eg eindel slikt, sidan me var så heldige å få overta huset med inventar (og dertil høyrande rot, sjølvsagt). Det du då får sjå er det gamle toalettmøbelet som stod på eit soverom oppå. No bur det på kjøkkenet, og har enten mugge og vaskefat (emaljert, men veldig slitt), eller som no med zinkfat og ljos. Englane som står på den vesle hylla er søstre, men vaks opp på forskjellige stader. Den eine fekk eg hjå Besta mi då eg var liten, den andre stod her i huset. Om du vil kan du jo ta utfordringa vidare?
Igi sin blogg er ein av dei eg alltid må innom, og ho har fine premiar frå Greengate i sin giveaway. Kanskje går det an å plukke med seg noko fint herfrå?Og sist men ikkje minst har eg fått ein award, nettopp hjå Igi. Tusen takk!!! Den er faktisk award og utfordring på ein gong, fordi eg skal fortelje 7 ting om meg sjølv - då helst 7 interessante ting (det er vel kanskje verre). Her er reglane, punkt for punkt:
1. Kopier awarden på bloggen din
2. Link til personen som ga deg awarden
3. Fortell 7 interessante fakta om deg selv
4. Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til
5. Link til deres blogger
6. Legg igjen en kommentar i bloggen deres, så de får vite om awarden
7 ting om meg:
- Eg er oppvaksen i ein familie der alle utanom mor spelar i korps. Sjølv har eg spelt i korpset i snart 24 år no....
- Eg er livredd for edderkoppar, veps, og ei rekkje andre insekt som kan koma brått på.
- Min store draum er å eingong få utdanne meg innan grafisk design.
- Rosamannen er den fyrste og einaste kjærasten min.
- Frå eg og mannen flytta saman og til me kjøpte vårt eige hus flytta me ein gong i året (i 6 år!)
- Eg har ei kort praktisk retta utdanning innan IT og nettverksadministrasjon, og jobba eit år på kundeservice hjå NextGenTel i Bergen.
- Når eg ler så ler eg med heile meg, og med stort volum. Det er ikkje uvanleg at folk snur seg og stirrar dersom eg set latterdøra på gap, eller at folk eg ikkje har sett f.eks. sidan folkehøgskulen hugsar meg for latteren. Då me var unge og nyforelska var rosamannen litt flau over desse voldsomme utbrota - no saknar han dei ;)
Så var det utdelinga, då. Det er ikkje lett, både fordi der er så mange fine bloggar, men òg fordi så mange har fått den allereie. Eg gjer likevel eit forsøk, og rekkefylgja er heilt vilkårleg(!):
- Rønnaug sin blogg - min gode kollega med fantastiske gåver innan for scrapping, kort og alt som har med papir å gjere.
- Fyra rum & kök - Jill som er eit oppkome av gode idèar og prosjekt i heimen. Ho kan lage noko vakkert av kva som helst, og har alltid tips til ting ein kan lage og gjere sjølv.
- Annes hobbyhjørne - der Anne scrappar, malar og lagar masse vakre ting.
- Patina-damene (valfritt korleis dei vil løyse den ;) ) - for fine bilder og inspirasjon, og massevis av kreativitet når det gjeld interiør og vakre ting ein kan lage sjølv.
- Gamleheksa - som slett ikkje var verken gamal eller heksete då eg traff ho ifjor haust. Ho er ein racer med strikkepinnane, og tek masse vakre bilder. Dessutan skriv ho på fornøyeleg dialekt!
- Strikkesaken - som er enorm med strikkepinnane, og ikkje går av vegen for å dikte mønsteret sjølv, eller lage akurat den rette fargen på garnet.
- Mali-mo - med sine fantastisk vakre bilder, sin evne til å lage lure og fine ting til heimen, og som gjerne syr ny garderobe til vesle-Malien når dei skal til varmare strok. Ein av dei finaste bloggane eg veit om!
Håpar de alle vil ta imot både award og utfordring!
No er det stille i huset, og etter litt turbulente netter i det siste burde eg ha sove for lengst. Difor skundar eg meg no opp under dyna, og håpar store og små i rosaheimen kan sove litt lenger enn til klokka null imorgon tidleg.
