fredag 15. januar 2010

Tulipan-frrrrræddan!

Den beste dagen i veka. Den beste kvelden i veka, med tilbakelagde arbeidsdagar, og ei helg framfor oss. Faktisk ei helg heilt utan planar i rosaheimen! Det kjennest godt. Kanskje vert det ein handletur imorgon, eller kanskje ein tur ut i snø og sol, no som det er akurat passe mange kuldegradar.


Den siste tida med sprengkulde har vore nokså hektisk i rosaheimen, fordi vassopplegget til det nye kjøkkenet vårt rett og slett er for dårleg. Røyrene ligg under det isolerte golvet, uisolerte i ein kald blindkjellar. Då røyrleggjaren gjorde jobben for 3 år sidan spurde rosamannen spesifikt om dei ikkje burde isolerast, men fekk til svar at det var slett ikkje nødvendig nettopp fordi dei låg "skjerma i ein blindkjellar". No veit me betre.

4 gongar har vatnet frose den siste tida, og dei tre siste gongane har det vore så kaldt at trikset med varm luft gjennom det utvendige røret ikkje var nok. Dermed måtte me låne ei manuell pumpe hjå ein god nabo, og har brukt mangfoldige timar på å pumpe varmt vatn inn mot isen, til den til slutt gav seg på tap. For å unngå dette må vatnet stå og sildre kontinuerlig, og eg tør ikkje tenkje på korleis avlesinga av vassmålaren og den påfylgjande rekninga kjem til å sjå ut!

Me har kontakta røyrleggjaren, og dei er etter sigende på leit etter tynn nok varmekabel til at den kan ligge immellom ytterste og innerste røyr. Me ventar i spenning! (Røyrleggjaren lurte på om ikkje det gjekk an å ta oppatt røyropplegget, men gav seg på det då me forklarte at for å få det til må me ut med all kjøkkeninnreiing og eit golv...)


Som du ser vart det tulipanar i Rosaheimen idag. Eg syns dei var så fine med sin sarte rosa farge! Litt leik i photoshop, så kunne det nesten sjå ut som ein hadde teikna eller målt blomen sjølv!

No er natta her, og eg håpar de der ute får ei nydeleg helg i vinterlandet!

tysdag 12. januar 2010

Skal du feire på fredag?

Fredag denne veka er det ein stor dag for mange kvinner i norske heimar. Nokre har kanskje teke den på forskot, rett etter at jola vart hyvd ut? Andre vert for seint ute, men som kjend er det jo betre seint enn aldri... Nokon feirar den langt oftare enn denne eine dagen i året!

Veit du ikkje kva me skal feire?

Jau, fredag er det tulipanens dag! Idag kom det eit nyheitsbrev på mail frå Vi i Villa, og der stod det nemleg at no er det tid for tulipanar, og spesiellt fyrstkomande fredag, som altså er sjølvaste nasjonaldagen for tulipanane.

Det er nok ikkje utan grunn at denne dagen alltid kjem på ein fredag, for kva er det vel ei husmor likar betre slik i helgestarten enn å kjøpe med seg (eller aller helst; FÅ, av sin kjære) ein bukett friske tulipanar? Med sine glade fargar livar dei opp i heimen, og gjev eit hint om at etter denne gnistrande vakre vinteren kjem det faktisk ein vår.

Eg trur eg skal kjøpa meg ein bukett tulipanar på fredag, saman med andre nødvendige varer til helga.


God tulipan-dag i vente!

søndag 10. januar 2010

Takk for denne gong

Så var det over for denne gong i Rosaheimen. Jolatreet rauk jo ut for nokre dagar sidan, og idag har resten av jolepynten vorte pakka fint ned i kassar, ei merka "advent" og to med jolepynt av ymse slag. Eg kjøpte ein boks i haust ein gong, med to etasjar inndelt i små rom, akurat passeleg til kuler og figurar og alt anna dill som har pynta opp huset dei siste vekene. Det er med eit visst vemod, blanda med ein slags lettelse over litt meir opne rom.

Det vanskelegaste å pakke vekk er englar. Difor er det nok ein eller to fleire som får vere framme etter denne jola enn forrige, og litt færre opne rom enn ein skulle tru.
Denne fine jolekrubba syns eg òg det er litt trist å pakke vekk, men denne gongen havna figurane og den vesle stallen i advents-kassa, med tanke på at den kan settast fram litt etter litt i adventstida neste gong.


Krubba og figurane kjøpte eg på Fretex for eit drøyt år sidan til ein billig penge, og eg syns dei er nydelege. Einaste minus er at den eine takbjelken er litt laus, og at Josef ikkje er så stø på foten. Ved nærare ettertanke er han kanskje ikkje den fyrste (eller den siste) nybakte far som er litt ustø etter ei slik storhending?
Etter at temperaturen har vore under 20 minusgrader i omtrent ei veke er det med stor gleda me ikveld konstaterer at den no er stigande. Me har desse dagane hatt store problem med vatn som har frose på kjøkkenet, og har brukt fleire kveldar på å tine det oppatt. Oppvaskmaskina stoppa som fylgje av dette, men eg og mr Handy har ikveld fått den òg igang. Og sist men ikkje minst ser det ut til at varmepumpa har teke seg på tak igjen ikveld. Kanskje me kan håpa på meir enn 8-10 grader innandørs imorgon tidleg?
Håpar de der ute har hatt ei god helg, og har ei god veke i vente!
Related Posts with Thumbnails