laurdag 9. januar 2010
Ettermiddagsljos
torsdag 7. januar 2010
Du grøne, glitrande tre, god dag!
Det fine, tette jolatreet vårt, innkjøpt 5 dagar før jolaftan, viste seg å ikkje vere av det pålitelege slaget. Vetlejolaftan på føremiddagen stod det der og glitra, akurat slik det står i songen! Men då me 2. joledag kom heimatt frå jolabesøket hjå svigers hadde treet allereie byrja å sleppe nåler. Det hadde vatn, men var kanskje lei av livet allereie før det kom inn i rosaheimen?
onsdag 6. januar 2010
Kong Vinter
Her hjå oss er det meldt 23 blå grader på fredag, og eg gler meg ikkje. Stadig fleire opplever at bilen ikkje startar, eller som hjå oss - at vatnet frys.
Samtidig er det jo dette me har lengta etter, alle desse vintrane med regn og gråbleike lier. I vintrane med sørpeføre og snø som forsvann før han eingong traff bakken. Men som det heiter i den gamle songen, "dei vil alltid klaga og kyta". Og no er eg vel ikkje den einaste som lengtar etter bittelitt varmare vèr. Ikkje for mykje - ikkje slik at snøen forsvinn. Berre slik at ein ikkje treng finne fram alle kleda for å gå dei to hundre metrane opp til naboen. Ein brukar jo lenger tid på å kle på seg enn å faktisk vere ute! I ettermiddag då me var ute og aka med ungane gjekk det ikkje lange tida før eg ikkje kjente at eg hadde tær. Då sendte eg ein tanke til Jarle Trå......
Men, trass alt - det er uendeleg vakkert! Om ettermiddagen når eg køyrer heim ser eg at sola stryk varmraude armar mot fjella som omkransar bygdene, og ljoset er heilt fantastisk. Blått nede i dalen, rosa oppe i fjellet. For eit par dagar sidan knipsa eg villt medan mannen køyrde bilen, og fekk fanga noko av alt det vakre me kan kvile augo på i desse dagar. Og sidan eg kvir meg til den dagen alt det kvite skal bli til rennande våt masse, så trekkjer eg tilbake nesten alt ovanfor, og helsar Kong Vinter velkomen ei heil stund til.
søndag 3. januar 2010
Middagsselskap på årets fyrste sundag
Kalkunen fekk forresten bu ute i 15 minusgrader eit par dagar - praktisk med utandørs fryseboks når vår eigen kapasitet ikkje strekk til! Litt forskyvningar vart det i tidsskjemaet idag, når me oppdaga at hyssingen var vekk, men me fekk den i ovnen til slutt. Eg kokte kraft av innmaten, som saman med fløyte og steikesky danna grunnlag for sausen. Den måtte speast ut og krydrast då eg fann ut at det var alt for lite til 9 personar, men det vart god smak til slutt. Tilbehøret ellers var rosenkål, blomkål, brokkoli, gulrot og ikkje minst - stuffing! Denne skulle sjølvsagt vore inni fuglen, men me tok ikkje sjangsen på det, sidan det då er endå lettare å få turr fugl ut av ovnen. Stuffingen vart laga av bacon, sopp, løk, persille, rømme og brød, og var faktisk snabla god om eg skal sei det sjølv!
