søndag 12. desember 2010

Svibel

Svibel har ei fantastisk lukt. Eller duft - det høyrest mykje betre ut, sjølv om det ikkje er heilt "heime" i målforma mi ;). Uansett, eg har kjøpt nokre sviblar. For meg er ikkje det typiske joleblomar, så det gjer meg ikkje noko å pynte med dei no ;)

Tidlegare idag tok eg på meg vottar, henta ein steikespade i kjøkkenskuffa og gjekk ut bak huset. Der spadde eg vekk litt snø, og brukte deretter steikespaden til å løyse mose frå den gamle muren bakom huset. Til våren, når eg ser "såret" i mosedekket, kjem eg nok til å angre.....


 Sink-fatet kjøpte eg på Patina ifjor, og telys-haldarane kjøpte eg i år. I farten klarar eg ikkje hugse om det var på Patina eller ein annan stad eg fann dei, men fine er dei!
 
Til å ta bildene har eg sjølvsagt brukt mitt høgt elska, splitter nye 7D-kamera, og makroobjektivet eg kjøpte for bursdagspengar for ei lita stund sidan. Og ja - eg er godt nøgd med bileta. Eg har sote med brukarhandboka i eine handa og kamera i den andre i kveld, og håpar å verte kjend med finessene litt etter litt.


Dei siste par dagane har tosifra blå grader vorte erstatta med eit par "raude", og regn frå skyene der oppe. Det har resultert i klink is på alle vegar, og livsfarlege køyreforhold! I fylgje nyheitene er det slik på austlandet òg ikveld, så med dette kjem ei oppmoding til ALLE om å køyre forsiktig, forsiktig!

Imorgon vert det bakedag i rosaheimen, iallefall i fylgje adventskalendaren til jentene. Eg håpar det vert ein fin dag!

4 kommentarer:

Trollkåno sa...

So fine bilder....trur nok du kosar deg stort med nytt kamera.....
Ha ein fin sundag!

Anne sa...

Fine bilder :)
Svibler er så fine !
Ha en fin kveld videre.

DUNNISMoR sa...

Hei og takk for kjempekoseleg helsing! Og gratulera med nytt kamera! Heldige du! Er litt misunneleg;) Eg har eit Canon EOS 450D og er ganske fornøyd med det, men ynskjer meg veldig gjerne eit nytt objektiv...helst eit 60 mm macro:) Eg hadde macrolinse til mitt gamle analoge speilreflekskamera og saknar det veldig. Eg får håpe julenissen synest eg har vore snill i år...hihi!
Nydelege bilete du har teke med 7D-kameraet ditt og flott dekorasjon du har laga! Ja, Svibel er berre ein usedvanleg vakker plante og luktar nydeleg. Eg skal snart kjøpe fleire og lage eit par dekorasjonar, tenkjer eg. Får ta meg ein tur i skogen att og finne litt mose og fleire kongler.
I dag er eg heime med ei litt småslapp Dunnislille...ho kasta opp ein gong i går...heldigvis vart det berre med den eine gongen...håpar eg. Så Luciafrukosten tok me heime før dei to eldste fór på skulen...var kjempekoseleg det, òg:) Eg tenkte eg så smått skulle byrje på eit lite prosjekt i dag, får nytte høvet no når Dunnislille søv.
Ha ein god dag og fortsatt fin adventstid! (er ikkje lenge att no:)
Klem

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Gratulerer med nytt, flott kamera og objektiv!! No kan du verkelg leike deg, ja!! Gler meg til alle dei flotte bilda som kjem etterkvart her hjå deg! Klem!

Related Posts with Thumbnails