fredag 24. desember 2010

Sæle jolefred!

Då er den her, høgtida me har venta på og førebudd så lenge. Igår vart det rydda, vaska og pynta her i Rosaheimen. Jentene fekk pynta kvar sitt tre på jenteromma, og dermed kunne eg og min kjære pynta stovetreet i fred og ro litt seinare på kvelden.

No er det 3 nøtter til Askepott som gjeld, og sidan vert det jolagraut og omkledning, før me reiser til kyrkjes, og så heim til foreldra mine der det vert pinnakjøt og pakker, på akurat den måten eg har vore vand med frå eg var lita. Ute har det snøa i to dagar i strekk, og rammene kan knapt bli meir perfekte!

Så håpar eg både me i Rosaheimen, og alle de der ute får
ei god og fredeleg jolehøgtid!

6 kommentarer:

Ingrid sa...

GOD JUL !!!!

Anita Kristin sa...

Med ønske om ei roleg og fredfull jul til deg og dine!

God Jul!

Rønnaug S. sa...

God jul til dere alle. Her har skogen pynta seg for oss og naboen har kjørt løype, så trenger dere ut å røre dere er dere hjertelig velkommen :)

igi sa...

God jul til deg også!
Klem fra Igi

rod i hob sa...

Deilig å væra på bloggrunde igjen!!

Stoppe ekstra lenge her hos deg, skal oppdatera meg litt :-)

Ting og tang har roa seg litt hos meg... Julefreden har senka seg. Deilig å væra hos mamma å slappa av!!le

Nyt dei restrerande dagane av julå. Håpa du har fri og nyte familielivet!! Eg skal ha fri til 4. janu, å har virkelig behov for det!

Stor klem

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hei, hei!!
Håper dere har en fin jul så langt. Vil bare ønske dere en fortsatt god jul og takke for alle fine hilsener dette året. Setter stor pris på hver eneste av dem.

Klem!!

Related Posts with Thumbnails