tysdag 14. desember 2010

Lucia

Luciadagen er sagnomsust, og har vore omtala i kvart einaste radioprogram eg har svinga innom iløpet av dagen. Det er vel ikkje ein skule eller barnehage som ikkje markerer denne dagen på eit eller anna vis. Me har ikkje gjort noko utav det i heimen tidlegare, men i dagens kalendarpakke til jentene låg det ein lapp, der lussekattar og kakao var omtalt. Planen var å ta med oss desse to ingrediensane opp til jentene si oldemor, som bur rett oppi bakken for oss, men som me likevel er så altfor sjeldan innom. Eg trur knapt ho har fått noko lucia-besøk før, og me kan trygt sei at det var ein suksess! Sidan me hadde laga så mykje lussekattar igår svinga me innom eit par hus til, med gode naboar og familie. Dei vart både overraska og glade, og det samme kan me vel sei om oss sjølve då nabojenta og hennar svenske mor kom med ei stor korg bollar og kaffi. Mi svenske veninne har eit HEILT anna forhold til luciadagen enn me her i Norge, og om eg ikkje tek heilt feil vert jolatreet pynta hjå dei i denne stund....
No er endå en førjolskveld over, utan at eg kanskje har fått utretta dei heilt store tinga. Men imorgon er det ny dag, nye moglegheiter. Eg er jo NESTEN ferdig med jolebaksten, og NESTEN ferdig med gåvene - ikkje gale, berre det?

Kvalitetskontroll....

Baksten frå igår

Medbrakt nytast hjå oldemor.

....og til slutt fekk mor overta alt glitteret...
God adventsnatt!

4 kommentarer:

igi sa...

Så koselig å gå Lucia hos familie og venner. En god ide.
Klem Igi

mali-mo sa...

Så koselig med besøk til ollo, tenker det var stas. Skulle gjerne hatt en olle her og, men desverre lever ikke de lenger...

Må være kjekt med svensk nabo på Lucia ja!

Syns du er flink som er nesten ferdig, her er det kun IKEA pepperkakene som er i boks ;) Men på fredag...da skal her bakes ;)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så flotte luciajenter!! Og mor var også flott med glitter og stas!! : )

Har ein svensk kollega som gremmes litt ove måten norske lærarar og elever feira Lucia på. DET er virkelig stort i Sverige - og det er ikkje berre ein song ungane kvernar opp igjen på der - men der varierer dei mellom eit heil knippe songar!!

Kjempekos å gå Lucia til naboar og venner - det håper eg å gjere ein gong også. Linus må berre lære å synge først!! Kanskje snakke først også!!

Klem!

Anita Kristin sa...

Kjekkt å kunne gå Lucia til familie, her bur dei litt for langt unna til det, men ikkje for langt likevel. Flotte jenter, var vel stas for dei. Her vart det ikkje ein gong bakt lucekattar.

Ikkje verst å være nærmast ferdig med både bakst og gåver. Her skal det gjerast ein innsats i helg, håper vi er nærare målet då.

Og bileta under var virkelig flotte. Kjekkt å ha skikkeleg kammera, vert so mykje kjekkare då.

Ha ein god dag!

Related Posts with Thumbnails