tysdag 21. desember 2010

Ljos i mørketida

21. desember.
3 dagar att til jolefreden forhåpentleg senkar seg over heimen og bygda. Dagen idag har eg held meg heime, med ein lur på sofaen og ellers roleg aktivitet. Litt snufs og tufs, hoste og hovudverk, men ikkje verre at eg reknar med å ta siste innspurt på jobb imorgon. Litt jolehandel står òg att, sjølv om gåver og kort er "i boks".



Den fine ljoslenka med rosa englar, som eg kjøpte på Søstrene Grene ifjor, heng i den nye opningen i stova og lyser opp. Under er bilete av ei trekyrkje eg kjøpte på årets jolemarknad. Eg syns den er fin der ho står og spreier ljos gjennom sprosseglas.

Ikveld har me fått pakka inn alle gåvene, og skrive på konvoluttane til alle jolebreva. Eg har i fleire omgangar undra meg over forskjellen mellom kvinner og menn, utan at eg skal la dei funderingane få sitt utløp her i bloggen - iallefall ikkje ikveld ;)

Håpar du der ute kosar deg med førebuingane. Er det noko som er sikkert, så er det at jola kjem - enten me er klare eller ikkje!

6 kommentarer:

DUNNISMoR sa...

Hei,
Ja, tenk at det berre er tre dagar att til jolaftan... nesten ikkje til å tru...dagane har gått utuleg fort. Sit og skriv både på kort og konvoluttar, er snart ferdig med korta til kollegane mine som eg skal ha med meg på jobb i morgon. Korta som skal sendast, må eg ta i morgon...vert mange som får romjulskort i år, men det er no koseleg det, òg:)
Har vore sjuke alle mann her i heimen, låg fullstendig utslått forrige veke med omgangssjuke, og no har jammen ta eit forkjølelsesvirus funne vegen hit, òg. Me får satse på at det passerer fort. Jul vert det no uansett:)
Kjempefin lysslynge, forresten, og koseleg kyrkje:)
No er det vel på tide å finne senga!
Ha ein fin juleinnspurt!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Ja, nå flyr dagene fort. Håper du blir raskt frisk.
Forskjell på menn og kvinner, ja den er ganske tydelig i disse dager;) Har tenkt å overlate alt til Gubben ett år, men tør liksom aldri å slippe taket.

FruFly★Heidi sa...

Hei!
Innom for å ønske deg og dine en god jul! Småsyk du også ja? Synes alle snufser og/eller spyr for tiden!:) Veldig kjedelig og upraktisk sånn før jul, men litt typisk også. Håper du og resten av gjengen er i fin form til selveste julaften! Og forresten; slitan med nytt kamera, det kjøpte jeg i sommer! Tok litt tid, men er nå veldig fortrolig og fornøyd med det! Det er jo bare å knipse i vei, så blir du kjent og komfortabel med det fort. God klem fra Heidi

Tenker også på den skjønne svigerinnen og blåbærene i blant, håper hun har det bra!

igi sa...

Tiden går veldig fort mot jul! Håper at du raskt blir frisk og at du får noen fine førjulsdager.
Klem fra Igi

Noralill sa...

Koseleg julestemning hjå deg. Eg vil ynskje deg og dine ei riktig god og fredeleg jul! Stor klem frå Evy

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Jag önskar dig en riktigt härlig jul tillsammans med familjen din!

Related Posts with Thumbnails