søndag 5. desember 2010

Jolemarknad i (Skomakar)Gato

Det har vore ei aktiv helg i Rosaheimen. Eller, sagt på ein annan måte - me har ikkje vore så mykje innom i Rosaheimen denne helga.
Igår var det jolemarknad i bygda, og det er alltid kosleg. Den spesielle gata med trehus frå 20-talet har ei heilt spesiell stemning, og mange veit å setje pris på dette. I år var marknaden for fyrste gong lagt til ein laurdag, og salsutstillinga var utvida til to ganske store salar. Masse fint og flott og godt, for både auga, kroppen og smakssansen. Jentene var med på joleverkstad, og kom heim med nokre eigenproduserte ting som kanskje havnar under jolatreet om nokre veker..? Me shoppa litt, men det får komme seinare. Idag vil eg berre vise dykk bildene frå den koslege sentrumsgata i den vesle bygda mi, som så ofte - særleg på denne tid - minnar om Skomakergata slik me såg den på barne-tv. Rett nok kjem bileta i feil rekkefylgje - men dog. Heilt nederst er biletet av dei fine blånissane mine, i rykande ferske huer og vottar som mammo mi har strikka. Tusen takk - jentene er superfornøyde (og foreldra òg)

Jolemarknaden vart avslutta med jolegrantenning, og då stillte me som vanleg opp for å spele litt. Det gjekk så som så;  med minusgrader og sur vind fraus ventilane på det eine instrumentet etter det andre, og me måtte faktisk til med raudsprit for å klare å tyne ut nokre spinkle jolesongar. No spørst det om kornetten burde få seg eit bad før den skal brukast igjen...










Ha ei retteleg god adventsveke!

6 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så koselig marked!
Fine blånisser, snille mormor.

igi sa...

Ser ut som om dere har hatt en flott helg!
Nydelig bilde av jentene dine.
Klem Igi

Annika sa...

Så kosleg, og no stjal eg meg nokre idear til neste år. For her har vi hatt julemesse ei helg, juleverkstad den neste, julegrantenning midt i veka og nissemarsj denne helga. Det har vore kjempekjekt det altså, men kanskje endå kjekkare om alt er samla... :)

Annika sa...

Glømte å kommentere dei søte jentene dine! Flotte huer, på skjønne jenter :)

Anne sa...

Ser ut som dere har hatt en fin helg :) Ser kjempe koselig ut på julemarked :) Ha en fin uke videre!

Henriette sa...

Så koseleg de hadde det i bygda:) Skikkeleg julestemning.

I år kjenner eg for fyrste gong på lenge at eg faktisk gler meg skikkeleg til jul. Den gode gamle forventninga om noko heilt spesielt. Deilig:)

Ha ein fin kveld.
Klem:0)

Related Posts with Thumbnails