laurdag 25. desember 2010

Jol

Spenninga er utløyst, gåvene pakka opp, og gode måltid innteke saman med familien. Me har det godt!! Me fekk fine gåver, alle mann. Eg fekk meir utstyr til kameraet mitt, og med det eg no har i hus lyt eg etterkvart utvikle kunnskapen min ganske mykje for at den skal stå i stil! men kjekt er det :)

Nokre nye englar fekk eg òg, saman med fleire gode ullplagg som eg gledar meg til å bruke i desse kalde, snørike vinterdagane. Prinsessene hadde ein strålande kveld, og når berre ein liten spenningstopp rundt middagstider var overstått var det berre fryd og gaman. Sjølv med litt få timars søvn i natt har idag vore ein fin dag, i stor grad via til oppbygging av ein Lego politistasjon. Når me så kan gå til duk og dekka bord hjå foreldra mine er 1. joledag akurat slik den skal vera.

Tusen takk for koslege kommentarar og jolehelsingar frå deko, mine kjære bloggvener - dei er òg med på å lyse opp!

Eit jolatre-bilde eg var godt nøgd med - teke med makroobjektivet idag.

Storesyster i kjole med kappe, akurat som Askepott. Den observante ser at ho har eit svart hòl i munnen - ho mista ei tann på onsdag, og er supersøt med tannlaus front :)

Vetlesyster (som storesyster) i kjole eg kjøpte på Biri i august, sydd av ei dame på Austlandet. Når ho fekk Tingeling-kostyme litt utpå kvelden måtte den likevel byttast ut ;)
Framleis gode joledagar til alle!

4 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Kjempefine jenter i flotte kjoler!!
Eg også fekk mykje fotoutstyr til jul. Sjølvutløyser, kabel til håndholdt blitz, et lite fototelt og objektiv!! Dette blir moro!! Berre synd alle andre blogge-fotoentusiaster bur laaaaangt unna!! Hadde vore moro med ein fotorunde saman!!

Ha ein fortsatt god romjul! Klem!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Flott med sånn jul, særlig for barna.
Gleder meg til å følge med når du utforsker kamera og utsyr. Spennende. Kos dere med resten av jula også.

Annika sa...

Fortsatt god jul til de også! Flotte jenter i flotte kjolar :) Her er minus 10 grader, og flott vinterver. Lite sol då, men kjekt dagslys iallfall!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så söta jentene dine är! Och det höres ut som ni har haft en riktigt härlig och avslappnande julhelg.
Hoppas romjulen blir lika bra!

Related Posts with Thumbnails