fredag 3. desember 2010

Desemberkulde, og -varme

Seint fredagskveld etter ei travel desemberveke. Kulda har vore her heile veka, og det einaste som gjeld når me kjem heim på ettermiddagen er å fyre i ovnen. Hardt!

Igår kveld var eg og Vetlesyster "åleine" her, og då var det aller best å ta plass framfor ovnen i stova med puslespelet. Ho er ein kløppar på puslespel, akurat som Storesyster var på samme alder.

Imorgon vert det jolemarknad i bygda vår, med salsutstilling, kafè, joleverkstad og jolegrantenning. Og ei driftig kunstnardame som har busett seg i eit av dei gamle husa i "sentrum" opnar utstillinga "En anelse rødt", der ho har gjort eit av dei mange romma i det store huset HEILT raudt. Eg satsar på å få teke bilete der, og av alt det andre som skjer i den fine bygda imorgon. Akurat no er det nok lurast å finne senga, så me er fit for fight når morgondagen kjem.

Sov godt de der ute!

1 kommentar:

DUNNISMoR sa...

Hei!
Så kjekt med helsing frå deg...fine og oppmuntrande ord! Og formen er heldigvis mykje betre:)
Ja, tenk at det skulle verte så kaldt denne vinteren, òg...brrr! Vel, det er ikkje så kaldt i Bergen som på Evanger, men vert lufta ekstra fuktig og vinden aukar på litt, bit kulden godt her, òg.
Eg var heime på Voss ein tur forrige helg, og då kvikksølvet kraup mot -17 klarte eg nesten ikkje å vere ute...hehe!!
Spanande ting som skjer på Evanger, forresten...skulle gjerne vore på marknaden og utstillinga, også:) Håpar du kan vise bilete om du fekk teke nokon:)
God søndag til deg og dine!

Related Posts with Thumbnails