onsdag 24. november 2010

Måneljost

På veg til jobb idag hadde eg faktisk eit par minuttar til overs OG kamera med meg i bilen. Når det i tillegg var eit fantastisk måneljos over vatnet i bygda måtte eg sjølvsagt stoppe og knipse eit par bilder i det vakre, kalde novemberljoset.


Me har fått ei skikkeleg kuldebylgje inn over oss, med blå grader ned mot det tosifra - og verre skal det bli. Då er det godt med isolert hus, varmepumpe og gode vedomnar!

2 kommentarer:

Nikoline sa...

Fantastisk bilde! Det er noko magisk med månen og lyset den gje..
Litt for kaldt detta,me skulle hatt meir snø før denne kulden sette inn. Men som du seier er det godt me har nyisolerte hus og ved til å fyra med.
Ha ein fin dag og god adventshelg i vente:0)

igi sa...

Vakre bilder! Lurt å ha kamera i bilen.
Klem Igi

Related Posts with Thumbnails