tysdag 30. november 2010

Fine gåver frå flinke scrappedamer!

Å få gåver som er eigenproduserte er alltid stas. Og særleg når "avsendar" er så superflinke scrappedamer, og gåvene er så inspirerande fine!

Frå ei veninne fekk eg og Rosamannen denne sjokoladeboksen ilag. Knallfint laga, med fargelagt stempeltrykk (åh, som eg har lyst til å lære meg det!), blomar og metallpynt. Ei smart løysing med magnet-lås, og ei lomme inni, der det tilogmed var hekta ei pengegåve. På undersida var det dessutan stempla vakre ord om kjærleik. Ei kjempefin gåve - tusen takk, Lene!!



Ei anna scrappedame som er til stor, stor inspirasjon er Rønnaug, min gode kollega og veninne. Ho er så fantastisk kreativ, og har alltid nye måtar å gjere ting på, nye teknikkar som må prøvast, og som ho gjer til sine. Denne gongen var ikkje noko unntak, då ho på vegne av alle på kontoret hadde laga ei trådsnelle "til ho som samlar trådane for oss", som dei sa ;) Når eg tok av bandet stod det ei helsing på pairrullen, og når eg løfta av toppen låg det ei pengegåve der, som vart utslagsgjevande då eg bestillte meg makro-linse for eit par veker sidan :) Tusen takk, Rønnaug (og til dei andre på kontoret).
Idag har eg og Vetlesyster vore heime og fyrt i ovnen. Ho var ganske pjusk i går ettermiddag, og har fortsatt med hoste, snørr og litt feber idag, så ein roleg dag trur eg var lurt. Mor kjende det gjorde godt, ho òg, å ha tid til å tusle litt rundt. No lyt me likevel ein tur ut av huset for å hente Storesyster på SFO, men det trur eg nok går bra. Den vesle tutta har sidan midt på dagen lurt på om ikkje pappa og storesyster skulle komme snart ;)

3 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Og du er jo bare skjønn! Tusen takk for sist og en knallfin kveld på fredagen.

En dag heime til å rusle rundt er deg vel unt. Håper tøtta snart er helt frisk att og kan nyte barnehagens gleder :)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så flotte scrappe-gåver! Og stas med pengegaver - som kan brukast til objektiv!! Grattis!!
Kjøpte meg nytt kamera og allrouns-objektivet 18-300mm for ei tid sidan.

Likte godt Norges-glas-stativet ditt!!

God bedring til veslesyster! Klem!

Anita Kristin sa...

Det er kjekkast med heimelagagåver, spesiellt når dei er so flotte som desse var. *sukk* døgnet skulle hatt fleire timar, slik at ein fekk gjort litt slikt og.

Ideen med norgesglass til adventsstake var kjempegod. Riktig so fin vart den.

Ha ein fortsatt flott dag!

Related Posts with Thumbnails