tysdag 5. oktober 2010

Tett tak!

Endeleg, sist veke, kom snikkarane og fjerna stillaset som har sperra heile framsida av huset vårt i ca 1 mnd. Endeleg slepp me å snike oss langs husveggen når me skal opp og ned trappa, og endeleg kan naboane trygt komme ut i hovudvegen utan å måtte snike seg forbi ei arbeisbrakke i vegkanten. Men viktigare enn alt -
Endeleg har me tett tak!
O, lukke! Og, med tanke på kor skeptisk eg har vore til å fjerne skifer - eg syns resultatet vart fint. Ikkje så fint som det ville vore med skifer, men likevel fint. Og tett! Den komande vinteren skal me ikkje ha ein einaste lekkasje, bank i bordet! (Framleis ligg det massemassemasse rot rundt huset. Skifer, materialar og boss. Og som du ser - rekkverket på trappa er verken skifta eller malt. Det får verte neste sommars prosjekt ;) )

I ettermiddag fekk eg forresten ein telefon som fekk meg til å le! Eg har gått og småflirt for meg sjølv i heile kveld, medan eg har sett meg rundt i huset med ny-opna auger, rydda litt og turka støv hist og her. Kva det gjeld har eg ikkje tenkt å fortelje endå, men eg kan love at eg kjem tilbake til det!

Heilt til slutt kan eg melde at overgangen til 30-åra gjekk fint! Dagen igår vart riktig bra, med masse helsingar frå vener og familie, ein nydeleg middag med familien når eg kom heim frå kurs, og 10 langstilka roser frå min kjære. At han i tillegg hadde bestillt ei veninne som er utdanna hudpleiar til å gje meg full massasje som avslutning på dagen var verkeleg ei stor, god overrasking! Alt i alt, ein kjempefin dag!

No er det snart midnatt, og det er vel berre å legge seg på lading ilag med dei små prinsessene.....
God natt, du der ute!

2 kommentarer:

mali-mo sa...

Gratulerer så masse med ovberstått bursdag! Og med tett tak!!!

Speennende å følge med her nå ja...røper du det snart da eller må vi vente lenge ;)?

Henriette sa...

Gratulerer med tett tak:0) Må vera fantastisk godt å endeleg kunna senka skuldrene. Stova di er forøvrig kjempekoseleg. Eg går med planar om litt forandring her og,men kor snart det skjer......

Ha ei god natt.
Klem

Related Posts with Thumbnails