torsdag 21. oktober 2010

Rosa goes public - alias midtsidepiken

Hugsar de at eg skreiv om ei litt artig telefonoppringing, for over to veker sidan? Eg lova å komme tilbake til det, og no gjer eg det;

Telefonen eg fekk var frå ein journalist i lokalavisa vår. Han hadde fått i oppdrag å skrive ein artikkel til ein "Hus og heim"-del i avisa, utan heilt å vite korleis han skulle angripe problemet. Kona hadde tipsa han om ein blogg ho fylgde med på, der nokon pussa opp eit gamalt hus og blogga om det. Sidan denne journalisten og kona hans har budd her i den vesle bygda visste ho kva hus det gjaldt, og dermed var det ikkje så vanskeleg å finne oss.

Torsdag for 2 veker siden var han her og snakka med oss, såg på huset og tok bilder. Idag kom me på trykk - på midtsida! Ei heil dobbeltside vart via til oss, huset og bloggen, og med ei høveleg RÅÅÅSA overskrift! Ein og annan "kommafeil" kan me vel spore i teksten, men stortsett har han vore flink til å setje på papiret sine eigne inntrykk ispedd vår forteljing - eller omvendt. Det er kjemperart å sjå og lese om oss sjølve, og sjå på trykk fleire av bileta eg sendte journalisten etter intervjuet, for å vise litt meir av kva me har drive med.

Mange tilbakemeldingar har me fått, og dei fleste udelt positive. Så får det heller våge seg om nokon tenkjer at me er frykteleg PR-kåte, som absolutt må komme i avisa fordi me har pussa opp huset. Det er vel ikkje til å unngå..


Alt i alt er me særs nøgde med oppslaget. Eg reknar ikkje med at besøkstala i bloggen - eller kommentarane - fyk til vèrs, men det er jo veldig kjekt å vite at nokon har likt det dei har lest og sett hjå meg. Ein stor takk til journalisten - og kona!!

10 kommentarer:

Henriette sa...

Kjempekoseleg artikkel:0) Fekk til å opne i større format så eg fekk lest han:0)

Klem:0)

Bra+Fint sa...

Så utrolig kjekt! Synes det ser så innmari flott ut hos deg ;)
Klem klem

Mona sa...

Hei!
Så flott artikkel og hus! Gratulerer!
Mona

Liv Ekse sa...

Kor flott og kjekt!

Lillamamma sa...

Såg skikkeleg trivleg ut hjå Dykk. Kjøkkenet såg herleg ut.

Ha ei flott helg.

igi sa...

Så gøy! Fin tekst i reportasjen og flott bilder.
Kos dere i helga.
Klem IGi

rod i hob sa...

Så kjekt å sjå bilde av dåkke (Du ser godt ut!!!) å midtsidepike -slettes ikkje verst :-)

Dåkke he våre kjempeflinke!!! Kjekt å sjå!

Fortsatt god helg!

Marte sa...

Dette var jo STAS! Så gøy:))
Bare å nyte det, spør du meg:)) Ser jo kjempeflott ut!
Er det BT?? Må sjekke, har ikke lest hus og hjem der i dag:) Gratulerer i alle fall:)

God helg
Klem, Marte

Noralill sa...

Gratulera så mykje med flott omtale og flott midtside i avisa!! Eg har lese papirutgåva og vart imponert! Veldig flotte bilete, til inspirasjon for meg som driv å "pussar" litt på kjøkkenet mitt òg...

(PS me bryr oss ikkje om at nokon trur me er PR-kåte...det får dei berre tru...)

Ei super helg til deg og dine!

Ingrid sa...

De har fått det so fint og så flinke de er som har gjort det sjølv.

Related Posts with Thumbnails