fredag 15. oktober 2010

Onsd......nei, fredag no alt??

Eg skjønar ikkje heilt korleis det har gått til, men 5 dagar utan innlegg var då frykteleg lenge! Ein skulle jo tru at med haustferie hadde eg god tid til både blogging og anna, men slik vart det altså ikkje. Veka har gått som ein vind, og (sjølv om eg trivst veldig godt i jobben min!) det har vore utruleg godt med eit avbrekk midt i hausten. Eg og Storesyster har vore heime kvar dag, Vetlesyster har hatt korte dagar i barnehagen, og heilt fri idag. Det har òg Rosamannen, som har gjort den enorme jobben med å stabla skiferhellene me henta frå taket tidlegare i haust opp på pallar etter bestemt antall slik at me forhåpentlegvis kan få seld dei vidare (er du interessert så må du for all del gje ein lyd! ;) ) Flinke mannen min!


Dagen idag har me hatt koslege besøk som har avløyst kvarandre, frå morgon til kveld. Ein fin dag!
Tidlegare i veka hadde Storesyster besøk av ein kjekk gut som òg går i 1. klasse, og på tavla på kjøkkenet vårt leikte dei skule. Timeplanen ser du over (Matte, norsk, gym, uteskule, kunst&handverk, om nokon skulle ha vanskelegheiter med å tyde skrifta). Eg syns det er så morro å fylgje med på korleis dei formar ord, og stavar seg igjennom både det dei les, og ord dei høyrer eller tenkjer på. Tenk for ein læringskurve dei har!!

Så er det nok ein herleg fredagskveld, og i helga ventar koslege bursdagsfeiringar av heile 3 tanteborn. Det er stas! Håpar du får ei fin oktoberhelg der du er!

2 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Så kjekt å se alt de har lært. Skikkelig morro å lese :) Og det er helt sant at det er godt med et sånnt avbrekk. Har kost meg veldig, også med det som har vært av jobbeting innimellom.

Men dagene går alt for fort!!!

Nyt helga!

Lene Mari sa...

Ja, de har blitt store, jentene våre... Merkelig. Og herlig :)Høres herlig ut med ferie! Bra dere har kost dere :) Hilse alle mann fra meg!

Related Posts with Thumbnails