laurdag 2. oktober 2010

Oktober

Månadens kalendarblad i den eigenproduserte kalendaren viser ein kveldshimmel sett frå stova vår. Slike har det forresten vore mange av den siste drøye veka òg. Vakkert!

Me er i oktober, og som alltid betyr det mange bursdagar i familien min, meg sjølv inkludert. Oktober er dessutan lauv som flyg med vinden, fyr i ovnen og stearinljos i stova. Den fyrste nattefrosten har allereie vist seg, og meir vert det nok.

Her i Rosaheimen går me ei småtravel helg i møte, men når den er fyllt med kjekke ting går det nok bra. Ikveld  (innlegget havnar på 2. oktober, men i mitt hovud er det framleis fredag kveld....) har gleda vore aller størst over at min kjære no er heime igjen etter fyrst veka på Kongsberg, og så eit par dagar på danskebåt-tur med studentane sine. Me har sakna han, alle tre!!

God helg til deg - håpar du òg får tilbringe helga med dei du er glad i!

4 kommentarer:

igi sa...

Et nydelig bilde!
Forstår godt at du trives i stua, det har blitt kjempe fint!
Klem Igi

Annika sa...

God helg til dokke også. Oktober byr berre på ein bursdag for oss, og den var i går - men vi går likevel inn i ein kjekk månad, med innekos, haustfargar, Budapest-tur og jueforberedelsar :)

Ha ein strålande søndag!

Klem!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Vilken helt fantastisk utsikt ni har från stuen! Och vilken fantastisk bild.

Ja, oktober är här. Vet inte vart september försvann, men om det forsätter i denna takt är det ju jul alldeles snart... :-)

Hoppas du har haft en riktigt härlig helg!

Rønnaug S. sa...

Oktober var et ubeskrevet blad i vår kalender til for noen få år siden. Nå er det helt annerledes. I løpet av uka skal to femårsdager feires. Veldig greitt når de kommer til oss og lager fest :) Da kan jeg kose meg med å lage kort.

Og så må vel du også feires en smule. Sannelig dumt at jeg ikke får med staben på tirsdag...

Related Posts with Thumbnails