tysdag 19. oktober 2010

Hausttur, godt nytt og strikkekafè!

Bilder frå sundagsturen i skogen har fått plass i ein liten montasje. Det var herlegt å grilla pølser og pinnebrød over bålet ved barnehagen sin gapahuk, og særleg når me hadde kjekt selskap med 3 smågutar og ei mamma!

Igår fekk me knallgode nyhende, då takstmannen som besøkte oss sist veke avleverte sin rapport. Utan å gå i detalj kan eg iallefall fortelje at huset er verd mykje meir enn me har opparbeidd oss i lån, og det har teke vekk ei stor STOR byrde frå skuldrane våre!! Ein kan trygt sei at me har fått lønn for strev :)

Dagens innlegg er i all hast, for midt i alt som skjer skal mor no ta med seg strikketøyet til fine Patina, som opnar butikken og kafèen for alle bygdas handarbeidsglade damer!

Tudelu!

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails