måndag 6. september 2010

Spanske bilder

Honey, I'm hooome!

Faktisk har eg vore heime i ca to døger, men det har vore diverse å henge fingrane i, og som så ofte før er det bloggen som vert nedprioritert.

Laurdag kveld kom Rosamannen og Storesyster og henta meg på Flesland, og det var veldig, veldig fint!! Flyturen gjekk som flyturar flest - det var lite kjekt, men me kom trygt både opp og ned.... Etter ei aldeles nydeleg veke på den spanske sørkysten i godt selskap, godt vèr, god lærdom og med fantastisk mat var det ikkje feil å komme heim til det nære og kjære heller.

Dagens to montasjar er i frå den vesle byen Setenil, som me besøkta sist onsdag. Med buss og guide køyrde me frå kysten og opp i fjellet, til grenseområdet mellom Malaga-provinsen og Cadiz-provinsen. Der låg Setenil (følg lenkja for å lese meir på Wikipedia), med i underkant av 3000 inbyggjarar. (trykk på bileta så vert dei større.)
Busetnaden her er mange tusen år gamal, og den er ein av dei mange kvite byane i Spania. Det særskilde med denne vesle byen er at mange bustader er bygde heilt inni fjellet. Bergarten i området er så mjuk at dei kan grave seg innover og lage nye rom innom den kvitkalka fasaden. Ved familieauke var det berre å ta fatt med hakke og spade og lage eit nytt barnerom. Slik lever dei den dag idag! Om du ser godt etter på bileta ser du kor integrerte husa er mellom bergnabbane. Og i den øverste montasjen ser du kor tett det er mellom husa i den eldste gatestubben. Under ser du korleis husa ligg heilt under fjellet, og at dette faktisk dannar eit svært naturleg tunell-tak mellom husa.

I tillegg til alt det spennande å sjå og høyre fekk me dessutan ekte spansk tapas til lunch, tilberedt på ein liten pub med lokale råvarer. Fantastisk godt!
Det må nok bli meir Spania-bilder utover, men akurat no er det leggetid.
God veke, og sov godt!

2 kommentarer:

Trollkåno sa...

DET var noko spesielle bygningar, ja.......so merkeleg! Sikkert interessant å rusle rundt der.....

Annika sa...

So utruleg spesiell landsby! Eg hadde vore redd for å få fjellet i hovudet, men det såg noko sjarmerandes ut å bu slik også då...

Related Posts with Thumbnails