torsdag 2. september 2010

September


Me har bladd i kalendaren igjen, og hausten er for alvor eit faktum. Her på Costa del Sol kan eg melde om ca 30 varme, og sol som varmar godt for kropp og sjel.
Eg må sei tusen takk for gode helsingar på forrige innlegg, og kan melde om at Storesyster etter rapportane frå heimen er sitt vanlege eg ;) Eg har tenkt på om det vert for personleg å skrive slike innlegg, men har kome til at noko som går så hardt inn og rystar oss i kvardagen, og som i større eller mindre grad vil prege oss, har sin plass her (sjølvsagt så lenge det ikkje er noko som kan skade oss eller borna).
Igår var eg på utflukt her nede, og når eg berre får bladd igjennom bilder og tenkt meg litt om, så kjem det nok eit innlegg eller to med sol-bilder frå meg.
Hasta la vista, baby!

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails