laurdag 25. september 2010

Oppussing av stova - Del 1

Omsider er eg klar til å vise litt bilder frå det som har vore livet i Rosaheimen siste halve år - oppussing. I tillegg til at fagfolk tok seg av forsikringsarbeidet i dei fleste romma (etter vannskadane sist vinter), har me sjølve pussa opp stova og badet i huset. Badet skal eg vise bilder av seinare, men no skal du få sjå progresjonen i stova frå me hadde rydda ut, og starta riving av veggplater i rommet.
På venstre sida av ovnen var døra ut i gangen. På høgre sida var døropninga inn til det rommet som tidlegare var kjøkken i huset.


Ein strippa vegg, og ein vegg klar for fall


Opninga mellom stova og det gamle kjøkkenrommet vart større, men likevel mindre enn planlagd, sidan den fine gamle teglsteinsmuren dukka fram bakom platene.        


 Frå "gamlekjøkkenet" mot stova, gjennom den forstørra opninga. Bak platene fann me ein gamal vindaugsopning, ettersom denne veggen tidlegare var yttervegg.

 

Puss, puss, så får du ein suss.... den håpefulle grønfargen måtte vike, iallefall delvis.

Under platene i "gamlekjøkkenet" såg me spor etter tidlegare generasjonars oppussing. Her dominerte grønt, gult og blått - heilt tydeleg malt rundt både skap og hyller.

På dei veggane der det ikkje var tømmer, eller der tømmeret var veldig skada valgte me å plate over med umalte panelplater. Ein flink og snill svoger tok jobben med å brannsikre teglsteinsmuren. I veggen i det gamle kjøkkenet lot me den tidlegare vindaugsopninga stå open.
Kva me har gjort med den kjem eg tilbake til.

"Gamlekjøkkenet ferdigplata, klart for maling.

Slik har det sett ut undervegs. Golvet under det slitne gamle belegget var fint tregolv i deler av rommet, men prega av gamle og endå eldre råteskader i andre delar. I neste innlegg får du sjå resultatet.....

God laurdagskveld!

3 kommentarer:

Annika sa...

De har hatt litt av ein jobb forstår eg - men vil tru resultatet har blitt veldig bra :) Gler meg til neste "episode"!

Og ja, eg syns absolutt barneteater kan vere eit fint mål i løpet av hausten :)

God søndag! Klem :)

Lene K. P. W. P. sa...

Dere har hatt mye jobb skjønner jeg! Dere må jo bare si ifra om dere trenger noe hjelp ;)

Gooooood søndag i dette fine været!

igi sa...

Ingen liten jobb dere har utført! Resultatet har sikkert blitt kjempe fin,gleder meg til å se. Muren deres er vakker! Som du sikkert har lest inne hos meg har vi også hatt vannlekkasje, ikke så mye som dere men absolutt frustrerende. Deilig å vite at taket er tett før vinteren i hvertfall. Håper dere får en fin uke.
Klem Igi

Related Posts with Thumbnails