tysdag 21. september 2010

Haustkjole

Sundag kjøpte eg meg ein ny kjole!
Det var ikkje planen, det berre vart slik. Eg og jentene var på Patina etter at me hadde levert Rosamannen på toget austover, for å ta ein kopp kaffi og vere litt sosiale. I forbifarten rota eg litt i ei korg med diverse kle til ein 50-lapp, og plutseleg var den der. Eg MÅTTE prøve den, sjølv om det stod ein størrelse på lappen som eg hadde lita tru på ville passe til meg. Den passa! 4 mnd på lavkarbo har hjulpe på, og kjolen sat rett og slett som støpt, (i ordets rette forstand - så veldig mange krumspring var det ikkje plass til ;) ) og eg kunne ein tanke stolt vise meg for dei andre damene i kafèen...

No heng den på døra mi og pyntar opp. Eg veit akurat kortid eg skal bruke den, og eg har endå nokre veker med lavkarbo-tid framfor meg, slik at det kan verte mogleg å både ta seg ein matbit og bevege seg i den fine, haustmønstra kjolen, som faktisk ser endå finare ut , enn når den heng der på ein kleshengar.







Rosamannen er altså på Kongsberg denne veka, og tek eit nytt fag i mastergraden sin. Me jentene styrar heime så godt me kan, men eg må innrømme at det byr på ei og anna utfordring når den minste prinsessa er så til dei grader pappajente. Etter ei tøff legge-økt ikveld er eg heilt tom for krefter, og det hjelper sjølvsagt ikkje på at hovudet er fyllt av bomull, nasa renn og halsen raspar. Eg trur rett og slett eg finn senga, og på vegen tek eg med meg ei lita jente eller to, som eg kan ha i armkroken og kose flat før Jon Blund tek heilt overhånd.

2 kommentarer:

rod i hob sa...

Tusen takk for gratulasjonen kjære du :-) Har ikkje tid til å lesa innlegget ditt no, -men kjem sterkare tilbake :-)

Ha ein fin onsdag :-)

ingridmarie sa...

Å-den var berre heilt lekker!! Grattis med godt kupp!


Ps.So gøy å lese at du har gode resultat med lavkarbo, eg hadde nemlig veldig god erfaring med det i fjor :) Måtte slutte då eg vart gravid, sidan dei ikkje veit nok om/anbefaler å vere i ketose når ein er gravid.. Ironisk då at eg fekk svangerskapsdiabetes siste månadane og fekk beskjed om å kutte ned på karbohydtrater, sukk, Eg skjønar jo at dei ikkje ville anbefale å kutte ut alle karber, men det er SO mykje bedre for meg å vere på fettforbrenning istadenfor sukkerforbrenning, for ALL godtesug forsvinn når eg kuttar ut brød, pasta osv. Gir ein so god følelse av kontroll, og eg slepp svingingar i blodsukkeret.. Men klart, eg ofrar jo vekta i ein periode for at babyen skal få det den treng:) No kjem jo ei god stund med amming, der dei heller ikkje anbefaler å kutte karbohydrater, men SO skal eg i gong igjen:) God haustveke til deg& dine!

Related Posts with Thumbnails