torsdag 23. september 2010

Eg stemmer på Patina!


 I desse dagar har Lev Landlig ei kåring av lesarane sin favorittbutikk. I den forbindelse har damene som driv Patina Evanger vore i bladet (faktisk for andre gong!) og vist både heim og butikk. For deg som bur for langt unna er det jo berre å ta ein tur på bloggen eller heimesida til Patina, for å sjå at dette er ei lita perle av ein bruk-t/nytt-/shabby-butikk, som denne sommaren i tillegg har starta kafèdrift. Der er det eigenprodusert mat, lokale råvarer, og nydeleg kaffi servert av blide damer, gjerne iført retrokjolar, eller eit heimehekla sjal (ikkje BERRE sjal då, om nokon skulle få slike idèar, hihi). Dessutan - skulle du bli heilt forlikt i stolen du sitt på medan du nyt kaffien, så kan du faktisk kjøpe den med deg! Det var her eg kjøpte kjolen i forrige innlegg, berre for å gjenta det....


Eg har gjeve Patina mi stemme i kåringa av favorittbutikken, og oppmodar DEG om å gjere det samme HER!

alle bileta er lånt frå Patinabloggen

2 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Flott butikk. der skulle jeg gjerne vært. Her forleden natt drømte jeg faktisk at jeg var hjemme hos dere og skulle til og med sove over ;) Jeg tror jeg var ganske lei opptreningssenteret på det tidspunktet, hehe. Nå er jeg hjemme og den turen til Evanger er fortsatt en drøm....

Patina-H sa...

Så kjekt at du stemmer på oss :) Og tuuuuusen takk for fine ord ! God helg !

Related Posts with Thumbnails