søndag 26. september 2010

A B C


Det er facinerande å fylgje med på ei lita jente som lærer seg å kjenne ei heilt ny verd. Ei verd ho til no berre har sett fragment av. Nære og kjære ord - sitt eige og våre navn, navna til gode vener, eit par korte ord. No er ho verkeleg i ferd med å knekke koden - lesekoden. Då Rosamannen kom heim frå Kongsberg hadde han med seg ei "Lett å lese"-bok til skulejenta. Korte setningar, store bokstavar. Og jenta gav seg ivrig i veg. Ho stava seg igjennom ord for ord, og litt etter litt har nokre av dei vorte bilete ho kunne kjenne att utan å stave kvar gong. Plutseleg idag var ho allereie ferdig med boka, etter berre to dagar. Stoltheita lyste over heile jenta. Ho hadde lest si fyrste bok - åleine.

Håpar de alle har hatt ei god helg!

5 kommentarer:

Lene K. P. W. P. sa...

Snart slår ho dere i scrabble ;)Håper ho koser seg med lesinga videre i livet!

Trollkåno sa...

Det var jenta si, det........

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så härligt! Så flink hon är.

Och vilket jobb ni har gjort i stuen - ska verkligen blir moro att få se resultatet av allt ert arbete.

Önskar dig en fortsatt fin kväll!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Ein liten milepæl!! Så moro!!

Eit tips til videre lesing og læring: Få henne til å lese setningen (IKKJE orda) baklengs. På den måten kan du avdekke om ho kan lese, eller om ho har lært seg dei små setningane utenat!!

Klem!!

ingridmarie sa...

Å ja, jammen er det kjekt å få skolebarn i huset! Eg nyt å få vera på denne sida av skolen :) Og so er det jo kjekt med dei søte små som gler seg til skoledagen-besøk av "Bokstavkongen", synst det er kjekt med lekser & jublar fordi mor har bestilt grønn skolemelk :) Ynskjer dåke fine haustdagar!

Related Posts with Thumbnails