måndag 2. august 2010

Ull

Det er overskrifta for denne dagen i Rosaheimen. Når ein har vore gift i 7 år er det nemleg ullbryllupsdag - til forveksling likt gull ;)

Dette året er det altså slik at eg og min kjære har vore gift halvparten av tida me har vore kjærestar. 7 gode år, saman i opp- og nedturar, og med vissheit om at uten den andre ville ein berre vere halv.


(biletet tok eg i helga, då me var i bryllup til syskenbarnet mitt. Utpå kvelden satte alle gjestene kvar sitt telys på eit stort hjarteforma brett framfor brureparet, med vakker musikk attåt. Ein fin gest, syns eg!)

Takk for 7 fine år, min kjære - eg gler meg til resten!
Diktet/songen under har eg hatt med i bloggen før, men på denne dagen høyrer den til - den song nemleg ei veninne av oss i kyrkja i bryllaupet, og eg song den sjølv under middagen, istadenfor å halde tale til brudgomen min. Ein av dei aller vakraste tekstane eg veit om!!

Du er min los

Du er min los
på leia eg dreg,
du er mitt ljos
på nattville veg.

Sjølv om du vankar
langt her i frå,
i mine tankar
bur du enn då.

Der skal du bu
som song i mitt sinn,
venen min,
du som einast er min.

Der skal din kjærleik
vere mi bøn,
der skal din nærleik
vere min løn.

Einsam eg stod
Og du vart min del:
blod av mitt blod
og sjel av mi sjel.

Jakob Sande

8 kommentarer:

Tove sa...

Gratulerer så mykje med bryllaupsdagen!! Så flott du delte med oss! Med Jakob Sande slår ein aldri feil...

Håper dokke feirar dagen litt!!!!

Klem, Tove

Trollkåno sa...

Gratulera med dagen!
So fine ord og fint dikt!!!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Gratulerer så masse med ullbryllaupsdagen!! Diktet var kjempefint - det sa mukje med få og enkle ord.

Ha ein flott dag!! Klem!

Gamleheksa sa...

Gratulerer med dagen, begge to!

Gleder meg til helga......!

igi sa...

Gratulerer med dagen! Ta vare på hverandre.
Klem Igi

Lillamamma sa...

Gratulere med overstått dag. Veldig flott tekst.

Linda sa...

Eg er ikkje av dei raskaste, men bedre seint enn aldri,

Gratulerer med overstått bryllaupsdag!!!

prinsesselinn sa...

Gratulerer med 7 årsdagen ;)
Måtte dere få mange ganger fler ;)
Ha en deilig uke.

Related Posts with Thumbnails