fredag 6. august 2010

Talet er 3

Idag er det Vetlesyster sin dag. Ho vert heile 3 år, veslejenta mi!! At det kan puttast så mange spilloppar, så mykje vilje, så mykje krutt, og så mykje sjarm inn i ein kropp på berre 3 år er heilt utruleg. Men slik er ho, i den eine stunda lyser det ramp i augene, i det neste smiler ho sitt søtaste smil, og tvinnar kven som helst rundt fingeren.

Eg og Rosamannen skal avslutta årets sommarferie med ein tur til Mjøsmarknaden på Biri, så me vert berre med på feiringa på morgonkvisten, med gåver, song, og noko ekstra godt til frukost. Det er med litt svart samvit me reiser på sjølvaste bursdagen, men eg er viss på at jenta kjem til å ha ein super dag med besteforeldre, tante og oldemor innom på besøk. Den store feiringa utset me til neste helg, når me har komme litt meir i orden i huset (JA - me flytta heimatt igår!), då vert det familieselskap for begge prinsessene ilag.

Ha ei god helg, det skal me! :)

4 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Gratulerer med veslesøster. Du leser kanskje ikke dette før vi kanskje treffes i kveld, men jeg sier nå god tur likevel.

DUNNISMoR sa...

Gratulera med 3-åringen! Så søt ei jente du har, forstår godt at ho kan tvinne kven som helst rundt lillefingeren:)
Her i heimen vart minstemann 1 år i går...vart berre ei lita feiring på oss... for her starta dagen med kontroll på helsestasjonen, deretter la me ut på biltur, til Evanger, for å hente eldstejenta, som hadde vore på miniferie hjå ei venninne. Då me var vel heime att, avslutta me dagen med pizza og gåver. Her vert den store feiringa fyrst om to veker.
Så kjekt at de har flytta heim att! Det er nok herleg, kan eg tenke meg:)
God ferietur!

igi sa...

Gratulerer med dagen til lille søster! Sa bra dere har flyttet tilbake til huset. Håper du viser frem på bloggen hvordan dere har fått det.
Kos dere i helga.
Klem Igi

Gamleheksa sa...

Synd at dere ikke rakk hit, men det kommer nye muligheter, håper jeg. Vi hadde det så koselig og sola var framme akkurat passe lenge. Neimen om det tok lang tid før det skyet til igjen:)

Lykke til i jakten på skatter i morgen!!!

Related Posts with Thumbnails