onsdag 25. august 2010

Sommarens blinkskot

Det har ikkje vorte så mykje sommarbilder dette året. Om det var tida som ikkje strakk til, eller sommardagane som mangla skal vere usagt, men eit par dagar var det slik at kameraet og sommarsola var på plass samtidig.

Under ser du ein av desse dagane, der jentene fekk dusje i hageslangen til høge kvin og latter. Eg fekk knipsa akurat i det Storesyster slengde opp dei våte krøllane så vassdråpane flaug rundt ho. No har eg bearbeidd biletet litt i Photoshop, gjort det uklart i kantane, fjerna fargane og lagt på ein blåtone. Originalen er eigentleg finare, men den høyrer nok meir til i dei private bileta. Eg syns jo dette vart litt kult òg.

Når alt dette er sagt; eg har ein sjangse til for å få teke sommarbilder. Laurdag ettermiddag set eg meg nemleg på flyet frå Gardermoen til Malaga, Spania. Der skal eg vere ei veke heilt utan mann og born, men med fagbøker og forelesarar istaden. Eg skal ta eit årsstudium i leiarutvikling (hjelpes!) på 20 studiepoeng, og studiet startar med ei intensiv studieveke på Costa del Sol, nærare bestemt Sjømannskyrkja El Campanario. Eg gler meg til å ta fatt, samtidig som eg er spent på tilveret som deltidsstudent kombinert med hus, heim, born, oppussing og jobb. På den andre sida - når Rosamannen klarar det, så burde vel eg òg få det til på eit vis ;) Om det er dette som gjer det, om det er tanken på å fly "åleine", eller tanken på å vere så langt og lenge borte frå dei heime veit eg ikkje, men eg som ellers aldri har reisefeber begynte faktisk å pakke allereie igår! Eg håpar at når fredag ettermiddag kjem, og eg tek meg over fjellet med NSB, så finn eg roen til å nyte turen, og samtidig tileigne meg ny kunnskap.

Eg håpar og trur at det vert sjangsar til å sjå seg om i området innimellom forelesningane, og få teke bilder som gjev grunnlag for eit blogginnlegg eller to.

Hasta la vista, baby!

6 kommentarer:

Annika sa...

Herleg bilde, ja, verkleg eit blinkskot!

Kva studie tek du? God tur til Spania iallfall! Håper du får ei strålande veke.

Patina-H sa...

Dette vert nok skøy Rosa mor :) Du må kosa deg masse :) Tøft bilde !

rod i hob sa...

Kjempestilig bilde då :-)

God tur til Spania.. Mulig du får sommarver til å ta bilder i, men du manglar jo absolutt dei beste modellane...???

God tur og kos deg i fleng!!!!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Ja, det var blinkskudd det!! Kjempeflott!

Så spennende med ei studieuke på Costa del sol. Håper turen går bra og at oppholdet blir fint. Kos deg! Klem!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Wow - vilken läcker bild!

Hoppas du får en härlig vecka i Malaga. Så kjekt att få ge sig ut på lite äventyr. :-)

Rønnaug S. sa...

Det var et knall stilig bilde. Kult med blått!!

Og siden det er heller vått og rått her får vi tru du har sommeren og nyter gode dager der sør.

Reisefeber sier du? Det der er da ikke noe. Over tre uker til jeg reiser, men hue har begynt pakkinga for fullt... Hvor skal dette ende?

Related Posts with Thumbnails