torsdag 12. august 2010

Rosamannens drøymedame - er ikkje meg..

Det er ikkje så mange dagar sidan me haddebryllaupsdag, Rosamannen og eg. Bryllaupsdagar kan feirast på så mange slags vis; ein god middag, kino, kanskje eit fang raude roser?
Eller - ein kan gjere det som min kjære; ta med seg to gode vener, ein bil med stor tilhengar, og ta ein roadtrip til Stavanger. I oljebyen hadde nemleg Rosamannen funne drøymedama si. Altså ikkje i Rosaheimen, som ein kanskje skulle tru etter 14 års samliv og 7 års ekteskap). At Rosamannen har hatt draget på eldre kvinner er ikkje noko nytt, men at det skulle vere ei kvinne på 80 år som kom og tok han med storm hadde vel få forventa!

Ei heller at det skulle vere ei svart kvinne (misforstå meg rett, ikkje sant?) - svart som sjølvaste natta, men sjølvsagt med ei og anna rynke, slik det høver seg for gamle damer. Dessutan er ho det far min kallar "ei dundre på over hundre".......

No bur ho i stova vår, den gamle drøymedama, og mellom henne og Rosamannen oppstår det stadig søt musikk, når han let fingrane gli over henne... Ein kunne reint verte sjalu, om ein ikkje visste betre!



Bileta seier det meste: Drøymedama til Rosamannen er eit gammalt ærverdig flygel, og sidan me no har fått så staseleg stove fann han ut at det var på tide å realisere gutedraumen!

Heilt frå eg traff han for fyrste gong har dei 4 øverste plassane på alle hans ynskjelister vore flygel, flygel, piano, flygel. Til slutt innsåg han vel at om det skulle verte flygel måtte han kjøpe det sjølv ;). Han har fått mange skeive blikk frå vener og familie, men flygelet var rett og slett eit kupp, og er eit skikkelegt stasmøbel her det står i vår nyoppussa stove. Den skal det komma meir bilder av, men denne veka er det utpakking, rydding og bursdagsførebuingar som står på planen. Laurdag har me nemleg 6-åring i huset, og dagen skal feirast med barneselskap. Sundag kjem slektas store og små på ettermiddagskaffi når me feirar begge jentene våre, og då er det kjekt om me slepp å ete kaker mellom verktøykasser og flyttekasser ;)



God helg!

5 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hihi...morsom lesning!! Godt han endeleg fekk flygelet sitt då - og så kjekt at (hvis?) han kan spele på det!!
Stova må no vere bra stor om det er plass til flygel der, i tillegg til andre møbler, som ein gjerne vil ha i ei stove. Gler meg til å sjå!!

Kos deko med feiringar i helga!! Klem!

Linda sa...

Det er ikkje annan å sei, Rosamannen har gooood smak når det gjeld damer!!;)

Rønnaug S. sa...

Det var dama si, ja! Og jeg regner med at søtmuikk kommer til å oppstå i forhold til flere i familien ;)

God helg og lykke til med all festinga :)

Gamleheksa sa...

Gratulerer med både flygel og storejenta. Dere har virkelig dagene tett i tett i Rosaheimen :) Ikke rart mannen som ikke har hatt bursdag på mange måneder måtte ordne seg gav sjøl. Godt at dere får nyte godt av flott musikk også da. Det hadde vært værre med en feit motorsykkel......

God helg og god feiring.

rod i hob sa...

Gratulera til Oda, sånn heilt på tampen!!

Å vakkert gammalt flygel!!

Morsomt innlegg :-)

Kos dåkke med bursdagsfeiring i morgon!

Related Posts with Thumbnails