fredag 20. august 2010

Om ei veke brakar det laus!

Og no - til reklamen!


For om ei veke brakar det laus igjen i den vesle bygda vår. Det er tid for fantastisk musikk, så energisk at du ikkje klarar å stå i ro. Det er tid for nydeleg mat, så god at du berre må ha litt til. Det er tid for folkeliv, god stemning - tid for at bygda skal stå på hovudet i 3 dagar. Om du ikkje har fått det med deg før, så må du gjere det no! Her kjem messingblåsarar direkte frå Serbia, her kjem norske og svenske artistar som på kvar sine måtar formidlar balkansk kultur i eigne tolkningar. Og her vert noko for borna, med både workshop, konsert og teater. Når ungane er lagde kan mor og far finne fram gode sko og ta turen til Gato igjen, der dei kan leve seg inn i suggerande rytmar heilt til augustsola (ja, for i år vert det sol!!!) truar med å komme fram att. Det er ei fantastisk oppleving!

Om du trykkjer på bildet av programmet ser du detaljane betre. Om du går til heimesida for Balkanfest Evanger kan du lese om bygda, artistane og programmet. Du kan finne ut korleis du kjem deg til og frå, og kvar du kan overnatte. Der ligg òg bilder frå dei to føregåande festivalane, så du ser kva du har gått glipp av.

Min eigen blogg-rapport frå festivalen ifjor kan du òg stikke innom, dersom du treng det siste sparket bak.
Dette må du få med deg!
(og berre for å ha sagt det òg, så er det altså eg som produserer både heimeside og plakatar, annonser og alt anna som skal trykkast og delast ut på festivalen. Det tek tid, men det er jo ein fin måte å jobbe dugnad på.)

Fin fredag!

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails