onsdag 18. august 2010

hit eit steg og dit eit steg...

....dansa Storesyster fram på skuleveg idag. Den store dagen var endeleg her - fyrste skuledag. Til bursdagen sin i helga fekk ho sekk og penalhus, som ho ikkje har sluppe meir enn ein meter frå seg på noko tidspunkt, dag og natt. Kleda som ho fekk ein gong i sommar, som ho har spart på akurat til denne dagen kom på iløpet av 4 minuttar frå ho slo opp augene idag tidleg. Ho var så klar som ho aldri før har vore, og hadde slett ikkje tid til å vente på mor som kom halsande bak med kamera i hendene, og bad ho stoppe for annakvar meter. Ho hadde vener å møte, ting å gjere, vegar å gå.

Eg syns dei fem fyrsteklassingane fekk ein fin velkomst idag, då dei på fellessamling i gymsalen vart presentert ein og ein, og fekk kvar si kvite rose av rektor. Dei følte seg sett, følte seg spesielle, følte seg velkomne. Og då dei forventningsfulle store små fylgde læraren til klasserommet var det ikkje nokon som syns det var trist at mor og far tusla heimover. Dei var klare, klare for nye utfordringar, opplevingar, ein ny kvardag. Og den fyrste heimeleksa var å synge (og dekorere) den gode gamle "Første skuledagen min", om ho med marihøne på kjolen.


Lukke til med alle åra på skulebenken, jenta mi! Eg håpar du finn deg godt til rette!

7 kommentarer:

Trollkåno sa...

So fint innlegg.......og lukke til på skuleveg for storesyster.
Trur ho er klar for detta, ja.....

Gamleheksa sa...

Det er spennende dette her, ja. Ønsker Storejenta lykke til!

Rønnaug S. sa...

Flott at dagen vart fin. Gler meg til å treffa ho i ettermiddag :)

Og så fint du har dokumentert dagen. Likte den :)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så fint du skriver! Och så fina bilder. Det är viktigt att man får dokumentera en så pass speciell dag. :-)

Ha det gott!

igi sa...

Ja det er en stor dag for de små. Og veldig vemodig for oss voksne. Så helige dere er med antall elever i klassen. I klassen til sønnen min er det nå 29 små håperfulle førsteklassinger. Lykke til med den nye hverdagen.
klem Igi

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Sånn stas!! Kan tenke meg det er litt vemodig ja, å ha eldstejenta på skulen. Og rart å tenke på kor mange år ho har framfor seg der. Vener ho skal få, lærarar ho skal ha.

Har sjølv gått på og seinare jobba på fådelt skule. Og eg meiner bestemt at elevane lærer så mykje meir, og får så mykje betre oppfylging. Eg hadde 4 andreklassingar eit år. Så var me litt saman med 1.klasse som var 12. Er det slik i Evanger også, at dei går litt saman med dei som er eldre/yngre?
Så fekk eg 23 elever i den 2.klassen eg overtok då eg flytta østover. DET var stor overgang det!!

Ha ei god helg!! KLEM!!

mali-mo sa...

Gratulerer med skolejenten! Håper hun får massevis av gode opplevelser og vil trives!

Gleder meg til bilder fra nyestuen!

God helg!

Related Posts with Thumbnails