søndag 29. august 2010

Englevakt!!! (ei historie med ein god slutt)

Fredag skjedde det som ikkje skulle skje. Det me har frykta aller mest frå me kjøpte "huset med det rare i", for snart 5 år sidan.

Då me skulle skunde oss ut i bilen, fordi eg skulle nå ekspresstoget frå Voss til Oslo, vart Storesyster påkøyrd rett utanfor huset vårt. Både eg og Rosamannen stod med ryggen til då ho skulle krysse vegen frå huset til bilen, så me veit ikkje nøyaktig om det var ho som berre sprang, føraren som var uoppmerksom, eller ein kombinasjon av dei to. Ikkje er det eigentleg viktig heller.
Sekvensen frå eg høyrde dunket, såg bilen, og sprang hylande ned trappa til jenta som låg i grøfta forslått og fortumla spelar omatt og omatt i hovudet mitt. Ein slik skrekk har eg aldri før kjent, og vil eg aldri kjenna igjen! Heldigvis køyrde bilen i roleg fart, heldigvis var ho nesten komme over vegen, så ho traff bilen litt ut på sida. Heldigvis havna ho i graset rett utom vegen. Heldigvis slo ho ikkje hovudet. Heldigvis viste røntgenbileta ingen brot. Heldigvis fekk ho ingen indre blødningar eller skader.



Eg tenkjer berre eitt ord, som samanfattar det heile - englevakt!



Slik gjekk det altså til, at istadenfor togtur til Oslo og veninnebesøk vart det ein kveld og ei natt på intensiven for meg og Storesyster. Ikkje så mange timar søvn, men likevel roleg og utan dramatikk. Storesyster slapp frå samanstøyten med ei rekkje blåmerker, ein litt vond fot, og sjølvsagt skrekken! Bagatellar, alt saman. Eg kan ikkje få sagt mange nok gongar kor ufatteleg letta og takknemlege me er for at alt gjekk så bra, når det fyrst gjekk så gale. Dermed kunne eg igår, etter ein viss logistikk-kabal, fly frå Flesland på føremiddagen, og nå flyet til Malaga (omtrent) som planlagd. I skrivande stund sit eg på gjestehuset til sjømannskyrkja El Campanario, og har teke til på kursveka i sol og varme. Heldigvis.

Ta vare på dei du er glad i, og køyr forsiktig!

13 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Jammen skal her kjøres forsiktig. Er bare SÅ glad for at det gikk godt! (Selv om du fikk en ekstra flytur...) Kos deg og vit at det der ikke kommer til å skje en gang til.

Nå skal jeg la hobby være hobby og finne meg kveldsmat. Uka starter som vanlig med en logostikkabal...

Annika sa...

Det var endå godt du skreiv i overskrifta at det var god slutt... For det gjekk kaldt nedover ryggen når eg las at ho blei påkjørt.

Når det først skulle skje, var det godt det endå så bra, så får vi håpe og tru at det var einaste gongen det skjer!

Nyt Spania :)

igi sa...

Så godt at det gikk bra!!
Håper du får en fin uke i varmere strøk.
Klem Igi

Monika sa...

så bra med engle vakt ;)
og eg håper du aldri får ein slik skrekk i deg -- igjen

vi har også fått noen skrekker i sommer -- men eg trur vi har hatt mange egler på vakt i sommer

Smil fra monika

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Ååååååh, eg kjenner eg har frysninger og hår som reiser seg på armane. Eg ser det for meg og kjenner skrekken, og det er nok berre ein brøkdel av den skrekken og redselen de følte. Endå godt det gjekk som det gjorde. Englevakt - ja, det skal ein ikkje tvile på.
Håpar du klarer å slappe av og nye sola og varmen der du er no. Klem!!

Trollkåno sa...

Ja, takk og pris for at enda godt.......men sjokket har prega oss i helga.
Håpar du kosar deg i varmare strøk, her er hausten definitivt komen.

Patina-H sa...

So utruleg godt å sjå at jento smilte og sprang rundt i helga ;) Me takkar engelen !
Klem til dekan alle og kos deg i varmeland :)

mali-mo sa...

Å herlighet. Noe så forferdelig, jeg fikk helt hjerteklapp og gåsehud her når jeg leste. For en grusom opplevelse! Takk og pris at dette gikk godt!

Tenker på det stadig jeg også, ikke hjemmed a, for vi bor veldig fredelig, men utenfor barnehagen, parkeringsplasser...nå når lillemalien stadig blir mer selvstendig og stadig raskere, umulig å ha henne under full overvåking hele tiden selv om jeg føler jeg har fått øyne i nakken...

Må få takke deg for omtanken og hilsenen inne hos meg også, på innlegget om Wilma. Sånne vansklelige ting er ikke alltid like greie å skrive om, men så er det jo sånn at hun hører med i livet mitt, og i bloggen også. Og når noe er vanskelig å skrive om, så er det desto mer varmende med en omtenksom hilsen fra en kjekke bloggvenninne ;) Takk skal du ha.

Klem til deg og til vetlatøtto og ;)

mali-mo sa...

Og nyt avbrekket!

Lillamamma sa...

Huff, so utrolig ubehagelig å oppleve noko slikt, då er det godt med englevakt, ja. Bra at alt gjekk bra. men skrekken er ubehagelig nok.

Lykke til med kursveka i varmare strøk!

Anita

MusMei og HEMILIA sa...

Jammen godt det gikk bra!!! Nyt solen og varmen!! Og kos deg!! Klem

rod i hob sa...

Oi oi oi...!

Snakk om englevakt altså!

Fekk gåsehud øve heile kroppen når eg leste her.... Godt at det jekk bra!!

HB at du klare kosa deg på kurs!!

Klem :-)

ingridmarie sa...

Oj, det må ha vore ein skrekkelig augneblink der de ikkje visste korleis det hadde gått-alle foreldre sin store skrekk dette.. So godt at alt gjekk bra!Sjelven her eg les..

Related Posts with Thumbnails