laurdag 21. august 2010

Dugnad med ein liten bismak

Idag har me hatt dugnad her i Rosaheimen. Etter alt sist vinter førte med seg av vatn i tak og veggar var det ein ting me visste måtte gjerast før den kvite kongen igjen la kappa si over landet: me måtte skifte tak. Etter å ha innhenta pristilbod hjå fleire firma måtte me innsjå eit sørgeleg faktum: Økonomien tillot ikkje at me kunne få skifertaket oppatt etter renoveringa. Dette har vore hardt å svelge, kanskje meir for meg enn min kjære, men eg måtte òg innsjå at me ikkje hadde noko valg. Dermed vert det såkalla Decra-tak me får på toppen når snikkarane har gjort sitt, og det er dette som gjev ein bismak idag (og sikkert ei stund framover)

For å hjelpe på den likevel stive prisen har me altså innkalla til dugnad denne helga. Og me har fått god hjelp idag, frå både familie og gode sambygdingar. Tusen, tusen takk til dei alle!! Me har løyst fliser, løfta, bore, vaska, stabla og bore litt meir. Jentene fekk tilbod om å vere hjå ei snill tante i fleire timar, og det hjalp veldig godt på humøret hjå både dei og oss ;) No i natt skal me sove i det eg og Storesyster fann ut var eit kjempedigert telt, sidan 3/4 av taket er dekka av presenning og plast. 1/4 av skiferen ligg att der oppe, men imorgon kjem nokre av våre gode hjelparar att, og me skal få henta ned resten før snikkarane skal ta til med jobben måndag morgon.

Eg håpar huset tilgjev oss for det nye taket, og eg håpar me går ein turr vinter imøte - iallefall innomhus!

4 kommentarer:

FruFly★Heidi sa...

Oj, det er litt av en operasjon dere er i gang med. Skjønner det er litt trist å ikke kunne få det taket dere hadde, men det blir nok bra!:) Lykke til med resten! Klem fra Heidi

Noralill sa...

Eg forstår bismaken...det blir litt sånn her òg. Me har tegelstein på taket frå før, men det blir for dyrt (det må fraktast frå Danmark...), difor blir det Decra-tak her òg...men men. Eg gler meg til me byrjar inne! Må prøve å sjå det positive! Me får iallefall eit tett tak!

Lukke til med snikkarane på måndag...eg håpar mine snart gjer seg ferdig. Det tek alltid litt lenger tid enn dei seier...

Ha ein fin sundag! Klem

Gamleheksa sa...

Jeg trorr
huset blir kjempeglad for nytt tak, jeg. Det ble vårt selv om vi måtte lempe litt på kravene ;)

Annika sa...

Er heilt sikker på at huset er kjempeglad for å få vere dykkar hus, og at det syns det er greit med nytt, tett tak, sjølv om det ikkje er skifer.

Eg skjønar sjølvsagt bi-smaken, men er sikker på de går ein flott vinter i møte no, med både ny stove og nytt tak!

Lukke til med Balkanfesten, de er jammen flinke, med utruleg mykje program! Tek du på deg plakat-oppdrag? ;) For ein utruleg flott plakat, slik skulle vi hatt til Brandalsdagane også... Har ikkje hatt tolmod nok til å studere Photoshop særleg endå...

Og sjølvsagt, gratulerer med skulejenta! Fortsatt god søndag! Klem!

Related Posts with Thumbnails