laurdag 14. august 2010

6 år!

På tampen av ein dag som starta kl 05.35 må eg berre vise fram dagens jubilant, i kjole som vart kjøpt på Biri forrige helg. Nydeleg kjole med cape og silkeband gjorde at jenta verkeleg såg ut som ei prinsesse idag!
Til dagen fekk ho sekk hjå oss og penalhus hjå vetlesyster, og desse to tinga har ho hatt med seg absolutt heile dagen, i og utanfor heimen. Dermed kan me trygt sei at gåva var ein suksess, og skulestart kan berre komma. Me har hatt 6 små vener på besøk idag, og imorgon vert det fullt hus og stormande jubel når heile familien samlast for å feire begge jentene våre. Ved siste oppteljing såg det ut til at me vert 25 stk med stort og smått!! Jammen godt at snille bestemødre stiller opp med ekstra kaker ;)





ha ein strålande sommarsundag!!

6 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Så morsomt med nydelig Biri-kjole!!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Ei blid og fornøyd jente det der, i fin kjole!!
Lykke til med resten av feiringa! Klem!

Ingrid sa...

litt seint ute ja men gratulerer med 6-åringen.
trur nok ho er klar for skule for i bryllaupet sa ho at ho ALDRI skulle gå i barnehagen meir.

Annika sa...

Ein litt forsinka gratulasjon både til storejenta, bryllaupsdagen og veslejenta! Og med eit nydleg flygel i hus, og nyoppussa stove. Håper vi også får plass til eit flygel eller iallfall piano ein gong. Det er eit flott møbel!

No er det straks tilbake til kvardagen her, jobb att i morgon. Huset er tomt for gjestar, og alle gjeremål er unnagjort (unntatt blogging).

Lukke til med skulestart og alt! Gler meg til bilder av nyestova ;)

Rønnaug S. sa...

Fantastisk nydelig 6-åring dere har. Ho er virkelig prinsesse i den kjolen. :)

Gratulerer med ny telefon, forresten. Gleder meg til å se :)

HildeS. sa...

Gratulera med dagen til ei nydeleg prinsesse, og lukke til med skulestarten også:)

Related Posts with Thumbnails