tysdag 13. juli 2010

Tid for ferie!

Imorgon let me hus vere hus, og reiser på bilferie med prinsessene våre. Heilt sidan tidleg i vår har me planlagd ein tur til Sørlandet og Dyreparken, men av ulike årsaker har ikkje overnatting og avreisedato vore avklart før igår, faktisk. Då vart det bestillt ein ferieleilighet sentralt i Kristiansand frå fredag til tysdag, samt 2-dagarsbillettar til Dyreparken. Aller fyrst stoppar me i Vindafjord, der svigerfamilien til bror min har ei fantastisk kosleg hytte ved sjøen, og bur der to netter saman med kjekke syskenborn, tante og onkel, før me kjører heilt sør.

I høve ferien har mor vaska bilen innvendig så han ser beint fram ny ut, medan far har lagt 2/3 av golvet i stova - det vert knallfint! (bilder kjem sjølvsagt seinare) På ein måte burde me jo berre bruke tida på huset no i sommar, slik at me kjem oss heimatt, men for jentene sin del, og sjølvsagt for vår eigen, så tek me oss no ein tur på ca ei veke. Det trur eg skal gjere oss alle godt!

Eg reiser ikkje nokon stad utan laptop og kamera, så det overraskar meg ikkje om det vert innlegg frå det blide Sørland den næraste veka. No skal eg såvidt starte med litt pakking før eg finn sengehalmen. Imorgon trur eg det kan verte litt hektisk før avreise, med to prinsesser som ventar på å komme avgarde, mor som spring som ei hovudlaus høne og samlar saman kle og eigedelar som ein kanskje, hvis, såfremtifall kan få bruk for på ferie, og far? Han har nok sine nødvendige gjeremål han òg, men i noko rolegare tempo ;)

Tudelu!

5 kommentarer:

Annika sa...

Kos dokke masse i sørlandsbyen. Eg håper det vert ein tur dit i løpet av hausten på meg. Er rart å ikkje ha ferieplanen retta mot Kristiansand eller hytta til pappa i Setesdalen, men satsar på det vert ein impulstur likevel ;)

Gler meg til å sjå bilder av huset, er sikker på dokke får det kjempefint!

Gamleheksa sa...

Jeg ønsker dere en kjempeflott ferie og jeg koser meg gjerne med reisebrev :)

Rønnaug S. sa...

Da må dere hilse til både Kardemommeby og alle dyra :) Vi har nok med våre egne ville kalver...

Men vi koser oss veldig. Ungene maser om at vi må reise på stølen så fort vi er heimom en tur. Og vi voksne nyter litt roligere dager. Og så blir det jo fest på fredag. 50 åringen med sønn og nevø skal innvie grillen vår på stølen i ettermiddag. Ikke si det til noen - men plutselig kom vi til å kjøpe gassgrill.... Og ny bil.... Og den site var det ungene som bestemte...

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Önskar dig en riktigt god tur. Hoppas ni får härligt väder, med mycket sol och inget regn. :-)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Ja, då håpar eg de har komme deko vel av gårde, og er på veg sørover. Tankte på deg forleden då me kjøyrde forbi Voss og Evanger, på veg heim til faren min.

Håpar de får flotte dagar sørpå. Klem!!

Related Posts with Thumbnails