måndag 26. juli 2010

Scrappespire

Eg må berre skryte litt av Storesyster i huset, som ser ut til å ha arva noko kreativt - ei interesse for å skape! I ferien fekk ho kjøpe eit blad, der det var med piperensarar, to ark og nokre paljettar som ein skulle lage sommarfugl-hårspenne av. Laurdag hjalp eg ho å klyppe ut to sommarfuglar i papira, men resten ordna ho sjølv! Sjå den fine sommarfuglen ho har laga og limt, og sjå kor symmetrisk og fint den er pynta! Eg vart nesten rørt, så fin syns eg den var! og kortet ved sida av scrappa ho ein dag tidlegare, då ho fekk litt restepapir og nokre blomar av meg. Dette syns eg lovar godt :)





Stolt jente, stolt mamma!

7 kommentarer:

MusMei sa...

Flink og kreativ jente! Kan godt forstå du er stolt!
Hilde

Patina-H sa...

Tenkjer ho verte lika flink so mora ;)

Trollkåno sa...

Det var flink jente, det!!!!

Lillamamma sa...

So flott ein sommarfugl! Kjekkt når dei kan skape noko sjølv òg.

Anita Kristin

Rønnaug S. sa...

Har aldri tvilt på at frøkna har noen kreative gener. Kjekt å se!

Hilde S. sa...

Så flink ho er, jenta di.
Det er veldig kjekt når ongane også likar å pussle med noko kreativt.
Så dumt at eg ikkje var på jobb den dagen du var innom Frøken Fryd, men håpar at reservefryd`n gav deg god hjelp:)
Ha ein fortsatt fin sommar!!!
Klem H

Marte sa...

Så flink jente da! Klar du er stolt, ikkje rart;))

Ha ein fin søndag!!!

Related Posts with Thumbnails