måndag 5. juli 2010

Juli

Det tok altså fem dagar av juli før eg klarte å skifta kalendarbilete, men no er det inga tvil - me er i juli! Idag hadde eg min fyrste feriedag, og den gjekk sjølvsagt med i huset (eg og mannen skal ha ei jobbeveke der før jentene tek ferie frå barnehagen), der eg kom godt igang med fyrste strøk på stoveveggane. Kanskje får me til ei økt ikveld òg, når dei søte små har kubba?

Alle juli-bileta er tekne på fjorårets tur til vakre, vakre Sandsøy, den vesle øya utanfor Harstad som svigermor mi vaks opp på.

God juliveke, anten du ferierar, jobbar, eller gjer som oss - kombinerer dei to ;)

6 kommentarer:

DUNNISMoR sa...

Hei!
Ja, tenk at me er i juli allereie! Vonar me får litt varme snart no, då...litt skikkeleg sommar, det hadde vore fantastisk deileg.
Fine kalendarbilete for juli! Det ser skikkeleg idyllisk ut på Sandøy, vakkert også:)
Takk for oppklaringa av "blomemysteriet" mitt, forresten! Det var nok ein tjæreblom eg hadde plukka med meg:)
God juliveke til deg,òg og lykke til med malejobben!

ingridmarie sa...

Skal sei dagane fyk! Flotte bilder! Her har vi hatt fri ei veke alt, men med oppussing, flytting av inngongsparti, snekring av terrasse (mannbrand) og maling av soverom, med sense-maling, ved meg. Vi har og barna i barnehagen ut denne veka, slik at vi får jobba litt effektivt :) Men leverer dei litt seinare enn vanleg, slik at dei får litt "feriefølelse" dei og. Til helga vert det Tysnesfest og besøk til mormor&morfar. Det blir fint! Nyt dagane med jobbing på huset, kjekt å sjå det blir bra resultat, og snart er det ferie!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Ha gode sommerdager du også! Kos deg med ditt og dine. Pass på å gjere noko som berre er kos, midt i all oppussinga!!

Klem!

Henriette sa...

Må berre innom og takka for den utruleg koselege gåva:0) Oppskriftsboka skal få bu i sommarhuset vårt, der har me savna ei slik leeeeenge, og skåla står allereide og pyntar opp på spisebordet:0) Tuuuusen takk!!!

Lo godt av badekarhistorien din:0) Det er jammen ikkje ofte ein ynskjer at leveransen gjekk LITT seinare:)

Ha ein flott kveld.
Klem

Kristine sa...

Ser det er litt av et prosjekt dere og har på gang ja! Heldigvis så blir det så bra til slutt :-D selv om det av og til virker litt fjerne sånn underveis i prosessen..hehe. Masse lykke til videre :-D

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Nu får vi bara önska att vädret blir lite bättre här på Vestlandet. Jag vill ju ha sol och värme! :-)

Önskar dig en riktigt fin helg!

Related Posts with Thumbnails