laurdag 3. juli 2010

historia om eit badekar

Den som fylgjer med på bloggen min veit at me er midt i ei aldri så lita oppussing i huset vårt. Mellom anna er badet under opparbeiding, som eg skreiv om i forrige innlegg. Der nevnte eg òg at eg hadde bestillt badekar, som me håpa ville komma iløpet av veka.....

Dette badekaret vart bestillt tysdag kl 11, og forventa leveringstid hjå badeeksperten.no var 1-7 dagar. Når det står 1-7 dagar tenkjer eg automatisk "ei veke og vel så det". Tysdag kveld kom eg meg tidleg i seng, i håp om å vakna med fornya krefter og pågangsmot dagen etter. Som vanleg sette eg på både mobil og vekkjarklokke, så me skulle komma oss opp kl 06.30.
Kl 04.35 vakna eg av at mobilen bråka. Hæ, morgon alt no? Tenkte eg, og sjekka klokka, før eg innsåg at det ikkje var alarm-lyd, men ringetone som kima ut i rommet. Eit mobilnummer eg ikkje kjende - "sikker nokon som har hat ei fuktig natt, og ringer feil", fortsatte tankerekkja. Likevel trykka eg på knappen, og svara med eit noko søvingt "Hallo?"
- er det hos **Rosafamilien**? (ein mann, godt vaksen, med breidt strilamål i den andre enden - uforskamma klar og våken)
-eh, ja..? (korleis visste han kven eg var?)
- er det de som har skal ha eit badekar?
-eh... ja? (badekar? spole, spole)
- ja, eg er på veg frå Bergen til Voss...blabla....Gudvangen .....blablabla....levere på veg tilbake...blabla.....lurte på kvar eg skulle levere det?
hjernen prøvde å bearbeide informasjon, men klarte ikkje heilt ta stilling til kvar eg ville ha badekaret mitt... bortsett frå på badet.
-ja, eg har så stor bil med hengar, så eg kan ikkje køyre innover på småvegar. Kanskje eg kan setja det på busstoppet ved sentrum?
-jaudå, det kan vel gå, eg veit ikkje heilt.
-jaja, eg kan no ringa når eg køyrer frå Voss.

Fint, tenkte eg, og sovna medan eg freste av meg eit utal gloser over å verte vekt midt på natta, utan eit einaste ord om at det kanskje var ei ugunstig tid å ringe på..... Eg var dessutan sikker på at det kom til å vere langt på dag når mannen var på veg tilbake med badekaret.

Kl. 05.45 ringte telefonen igjen. Den samme snøvlande stemma sa "hallo?", og den samme, uforskamma friske strilen fortsatte som om ingenting var hendt..

-ja, no køyrer eg frå Voss. Veit du om det er høgdebegrensing på brua inn til bygda?
-mnei, det veit eg ikkje noko om (korleis skulle eg vite det, og korleis skulle ein kunne tenke på slikt før klokka eingong hadde passert null?)
-du skjønar, eg (underforstått: vogntoget, som tydelegvis var ei forlenging av han sjølv) er så høg, så eg vil ikkje risikere å verte ståande fast der.
-nehei, det skjønar eg.
-men det er eit busstopp ved stamvegen, er det ikkje?
-jau, det er det jo.
-jaja, men eg ringer vegvesenet og høyrer om dei veit noko om brua.
-fint det.

Denne gongen måtte eg berre le - det nytta ikkje å hisse seg opp. Eg var i tillegg nokså våken etter to nærast nattlege samtalar med den friske strilen. Berre ein halvtime seinare ringte han dessutan oppatt:

-ja, du - eg fekk ikkje tak i nokon på vegvesenet (kanskje ikkje så rart, folk var vel ikkje komme på jobb før klokka null?), så eg sette badekaret på busstoppet ved stamvegen (E16).
Dermed var det berre å slå av vekkerklokker, stå opp og få ungane i barnehagen, før eg og mannen henta tilhengar, og plukka med oss eit opp-ned badekar på eit busstopp ved E16 før klokka åtte om morgonen. Det vart forøvrig levert der 19 timar etter at bestillinga vart gjort på nett, og på pakkseddelen stod det "Leveres med første mulige avgang." Noko raskare enn dette kunne det neppe bli...

Bortsett frå ei lita advarsel om sjåførar med noko avkorta sosiale antenner, så kan eg absolutt anbefale ei bestilling hjå badeeksperten.no - berre pass på at du har litt å gå på når det gjeld søvn når dei plutseleg ringer for å levere varene. Dersom du ikkje kan motta dei vert dei nemleg returnert til næraste lager, og eg trur ikkje det er på langt nær så underhaldande å få dei til å levere for andre gong...

God helg!

6 kommentarer:

igi sa...

Fantastisk! Litt av en servise.
Nyt dagene.
Klem Igi

Linda sa...

hehe jamment bra du hadde vore flink og lagt deg klokka 19 den dagen,,, sant? -kremt-

Annika sa...

Haha! Eg trur eg er glad vi _har_ badekar :)

Noralill sa...

HaHa! Utruleg kjapp leveringstid då! DET skal dei ha...og vanvittig morosamt å lesa...

Gler meg til å sjå bilete av Rosaheimen no snart...

Marte sa...

:)Slitan med nytt badekar, da:)

Pinocchio ligg i markeveien,, rett der du går ut av klostergarasjen om du parkerer der..:)
Verdt et besøk, kjempebra leiker!

Ha ei fin veke!

Rønnaug S. sa...

Og så kan jo du fortelle historia noe så fantastisk bra.:)

Related Posts with Thumbnails